Høgre-toppane prioriterte ikkje skattelette

Kommuneøkonomi og veg og jernbane har høgst prioritert av listetoppane i Høgre. Berre skarve 2 prosent meiner skattelette er viktigast i statsbudsjettet for 2016.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prioriterte ikkje skattelette

I målinga som Dagens Næringsliv har gjennomført blant listetoppane, har 101 svart. Medan 39 prosent set veg og jernbane høgst på prioriteringslista, meiner 40 prosent at betre kommuneøkonomi er viktigast.

LES OGSÅ: Unge Høgre snur i pelsdyrsaka

Statsminister og partileiar Erna Solberg nemnde skattelette i to setningar i landsmøtetalen fredag førre veke. Kommuneøkonomi vart ikkje nemnt med eit ord.

– Vi er alltid nærast til eigne utfordringar, men regjeringa prioriterer jo meir vekst i kommuneøkonomien kvart år, også betydeleg i år, seier Solberg til avisa.

Toppkandidaten til Høgre i Skien, Jan Terje Olsen, seier regjeringa allereie har levert i betydeleg grad på å få skattenivået ned, både ved å fjerne arveavgift, redusere formuesskatten og sørgje for at personskatten ikkje utviklar seg negativt for folk flest.

– No merker kommunane rolegare tider i næringslivet og ein skatteinngang som ikkje er så høg som han har vore. Då trur eg det er viktig at regjeringa sørgjer for at kommuneøkonomien er rimeleg stabil no, seier Olsen (©NPK)

LES OGSÅ: Anri (20) vil bli ordførar