Raud Ungdom vedtok hemmeleg kritikk av Raudt

Raud Ungdom gjekk inn for intern kritikk av moderpartiet Raudt på landsmøtet i helga, men vil ikkje gå ut offentleg med vedtaket.

NPK-NTB
Publisert

I forkant av landsmøtet la Raud Ungdom (RU) fram eit forslag om at Raudt ikkje oppfyller prinsippa sine, skriv Klassekampen. Raudt vart der kritisert for å leggja til rette for «ministersosialisme», og dessutan at dei bruker for mykje krefter på reformarbeid i staden for å byggja rørsla nedanfrå, ifølgje det avisa kjenner til.

Kva den endelege formuleringa landa på i landsmøtevedtaket, vil leiinga ikkje ut med.

– Me har vedteke ein intern uttale om Raudt, og dette tek me vidare mellom Raudt og RU. Me ønskjer oss eit godt samarbeid, og ønskjer å stå saman, og ta dei kampane der me er einige, anten det gjeld Forskjells-Noreg, betre velferd for folk flest eller god sosialistisk politikk, seier Alexandra Joy Messel Øhrn-Fredwall til avisa.

Ho vart vald til ny leiar av ungdomspartiet på landsmøtet.

Partisekretær i Raudt Reidar Strisland skriv i ein sms til Klassekampen at partiet ikkje vil kommentera vedtak dei ikkje har sett.

Det var rundt 100 personar til stades på landsmøtet, og 60–70 av dei var røysteføre, ifølgje den nyvalde leiaren.

Raud Ungdom har to jamstilte nestleiarar. Frida Graneng held fram og får følgje av Jamie Fuentes, som kjem frå vervet som leiar for Oslo Raud Ungdom. Ny generalsekretær er Zelda Hasle Borgersrud Øgrim, som tek over etter Syver Kleve Kolstad.