Folkemordet me ikkje snakkar om

Det er 100 år sidan det armenske folkemordet starta. Fortsatt kranglar statar om kva dei skal kalle hendingane. Noreg nektar å anerkjenne folkemordet. 

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det tyrkiske storsamfunnet er opptatt med å feire slaget ved Gallipoli, som var dei allierte sitt mislykka forsøk på å invadere det Osmanske riket under den første verdskrigen. Den osmanske sigeren la grunnlaget for frigjeringskrigen som skulle legge grunnen for den nye republikken, Tyrkia. Det var under dette slaget at landsfaderen, Mustafa Kemal Atatürk for alvor vart kjent.

Det kontroversielle med denne feiringa er datoen. Gallipoli-kampanjen begynte ikkje før 25. april 1915. 24. april 1915 arresterte dei osmanske myndigheitene 250 armenske intellektuelle. Dette markerer starten på det armenske folkemordet.

Fleire har skulda Tyrkia for å endre datoen for markeringa av Gallipoli for å la den armenske tragedien hamne i skuggen. Det er i så tilfelle ikkje ein heilt ny endring. Tilbake i 2003 var den internasjonale markeringa av Gallipoli arrangert 24. april.

Det verkeleg kontroversielle spørsmålet er uansett – bevisst flytting eller ikkje – kva som eigentleg skjedde med armenarane i 1915. Å anerkjenne det som folkemord er ein svært politisk handling, både internasjonalt, men ikkje minst internt i Tyrkia.

Berre 22 statar har anerkjent hendingane – der mellom 500 000 og 1 500 000 armenarar døydde – som folkemord. Mange av desse er sentral-europeiske land. Noreg har ikkje gjort det.

Den norske regjeringa si manglande anerkjenning av folkemordet botnar ut i feigheit.

Noreg har ikkje lyst til å komme i ein politisk konflikt med ein viktig NATO-alliert, og mest av alt ikkje på dette tidspunktet; den enorme trusselen som IS og Assad står for overskuggar alt.

Utanriksdepartementet har, som omtalt i VG, uttalt dette:

«Begrepet folkemord er nedfelt i FNs folkemordskonvensjon av 1948. Det er prinsipielt problematisk å anvende begrepet om hendelser som fant sted før konvensjonen ble vedtatt.»

Argumentasjonen viser tydeleg at det å anerkjenne folkemordet er ei politisk vanskeleg øving. Elles hadde ein neppe nytta ein så dårleg argumentasjon. For skal me følgje logikken her, så kan vanskeleg jødeutryddinga under den andre verdskrigen kvalifisere som folkemord, sidan det «fant sted før konvensjonen ble vedtatt.»

UD seier i same uttale dette:

«Fortolkningen av disse tragiske hendelsene bør heller overlates til historikerne enn til politikerne.»

Dette er eit forsøk på å spele ballen vekk frå den politiske arenaen, og over til den akademiske. Sanninga er at den høyrer heime begge stader. Den politiske og akademiske debatten om folkemordet er begge svært viktige. På sistnemnte arena har det òg skjedd mykje. Howard Eissenstat skriv at det på 80-talet var ein stor akademisk kampanje for å støtte det offisielle synet til Tyrkia, som fornekta folkemordet.

Dei problematiserte det å trekkje det armenske folket sine lidingar ut som ei separat sak, blant anna fordi det som drap mange på den tida – både armenarar og andre – var sjukdomar og sult. Eissenstat skriv at denne konsensusen, som i 1985 førte til eit ope brev til den amerikanske Kongressen, ikkje eksisterer i dag. Ein av forfattarane skreiv i 2006 følgjande om den akademiske situasjonen til Tyrkia-studiar på 80-talet:

«Many of their works were directly sponsored and published by the Turkish government and offered either English or modern Turkish translations and sometimes reproductions of Ottoman documents. Overall, these translations were intended to demonstrate that after the Ottoman government ordered the deportation of the Armenians from the eastern Anatolian war zones in the spring of 1915, the regime went to considerable trouble to protect the lives and properties of its departing subjects.»

Den skildringa levnar ikkje den tidlegare akademiske konsensusen mykje ære.

I same VG-sak uttaler statssekretær Bård Glad Pedersen følgjande:

«Det er tvilsomt om nye internasjonale uttalelser som knytter hendelsene i 1915 til folkemordbegrepet ville gjøre utsiktene til en slik forsoningsprosess bedre.»

Det er ei merkeleg haldning, og tilsvarande dårleg argumentasjon. Det er mange ord som kan beskrive dei grufulle hendingane: Massakrar og etninsk reinsing er to eksempel. Det er likevel slik at når det har gått 100 år utan at såra har grodd, så er det viktig å bruke ordet folkemord. Både for å forsøke å forbetre forholdet, men òg fordi det var nettopp det det var.

LES OGSÅ:Ser mot Tyrkia

Tyrkia og Armenia må finne ei felles forståing for kva som skjedde for 100 år sidan for å klare å gå vidare.

– Tyrkarar har valet mellom å tru på at deira forfedrar var vonde eller skuldfri. Dei fleste vel det siste, skriv Nick Danforth i Al Jazeera. Det er ei god skildring på den fastlåste situasjonen. Det er ikkje berre statane som er ueinige. Nasjonane – folket – er ueinige, og låst i historia.

Den politiske sprengkrafta i saka kan illustrerast med fordømminga av Pave Frans, som anerkjenner folkemordet. President Erdoğan svarte dette:

«I want to warn the Pope to not repeat this mistake and condemn him.»

President Obama kjem – av same grunn – ikkje til å anerkjenne folkemordet i si uttalelse i dag, sjølv om det var ein del av plattforma hans under presidentvalet i 2008.

For armenarane handlar folkemordet om ein lengre historie. Dei vart utsett for overgrep av det Osmanske riket tilbake i 1895 og 1896 – før ungtyrkarane kuppa makta i 1908. Desse massakrane er estimert til å ha drepen 200 – 300 000 armenarar. Dei seinare overgrepa vert difor satt inn i denne samanhengen, og styrkar deira konklusjon om at den osmanske staten forsøkte å utrydde armenarane.

Armenske barn blei drepne i hopetal.

For mange tyrkarar handlar 1915 om eit osmansk rike på veg mot full kollaps, med territorielle truslar på alle kantar. Deporteringa var då eit resultat av dette, samt at Russland støtta armenske opprørarar militært i sitt forsøk på territoriell ekspansjon.

Kva skjedde eigentleg med armenarane i 1915? Kortversjonen er denne: Den osmanske regjeringa som tok makta under kuppet i 1908 fekk i 1915 vedtatt ei deporteringslov som let myndigheitene deportere alle som ein såg på som ein trussel mot nasjonal sikkerhet.

Hendingane bestod av utsvolting, avrettingar og deportasjonar, men mest kjent er dødsmarsjen til den syriske ørkenen. Hundretusenar av menneske døydde på denne marsjen. Ei konfliktlinje går på talet. Her ligg sjølvsagt Tyrkia på den mest konservative linja – med anslagsvis 500.000 drepne – medan Armenia anslår 1.500.000.

I dødsmarsjen ligg òg eit av forsvara til folkemordfornektarane. Armenarane vart deporterte innanfor grensa av den dåverande staten. Ingen vart deportert ut av det Osmanske riket.

Ahmet Davutoğlu er ein av dei som seier deportasjon, ikkje folkemord. Davutoğlu er statsminister i Tyrkia. I eit intervju denne veka var han likevel tydeleg på at armenarane vart utsett for ei forbryting mot menneskeheita.

Distinksjonen er viktig, både for tyrkarar og armenarar, og avstanden er tydeleg. Det er likevel spor av ei oppløysing av fornektinga i desse uttalane. Det er kanskje ikkje så rart, i og med at Tyrkia no har ei regjering som kanskje er den minst nasjonalistiske republikken har sett. Det er forståvidt forståeleg at eit land slit med å akseptere vonde minner frå historia, men slik er historia for svært mange land, inkludert Noreg. Det veit Davutoğlu å utnytte til å forsvare mangelen på anerkjenning, i staden for å bruke det som ein veg vidare.

Armenarar blir ført til fengsel i Mezireh i 1915. Foto: Wikipedia

For å klare å gå vidare må ein vere open, tillate debatt og anerkjenne tidlegare overgrep. For Tyrkia sin del medfører det òg ei meir open linje i andre debattar, om andre grupperingar. Kva forhold har Tyrkia til den kurdiske og aleviske befolkninga? Kva overgrep har skjedd her? Dominoeffekten av å anerkjenne dei grusamme hendingane mot armenarane som folkemord gjer den tyrkiske staten paranoid og redd. Det seier mykje at det var ei stor hending då tidlegare statsminister Erdoğan for eitt år sidan ytra sine kondolansar til det armenske folket.

Debatten gjer at Tyrkia fort hamnar i ein forsvarsposisjon. Det var ikkje berre armenarane som vart utsett for grusamme handlingar under oppløysinga av det Osmanske riket, vil mange sei. Til dømes vart titals tusen albanarar – innbyggarar i det Osmanske riket – massakrert av serbarar under Balkankrigen.

QUIZ: Prøv deg på Den store krigsquizen vår!

Davutoğlu understreka dette i sitt intervju 21. april:

«During the last years of the Ottoman Empire, a very large number of Ottoman citizens from different ethnic and religious backgrounds endured great suffering, leaving deep scars in their memories. They had all lived together for centuries in peace and harmony.

As descendants of nations with different ethnic and religious origins who endured these sufferings amid the conditions of the First World War, we understand what the Armenians feel. We remember with respect the innocent Ottoman Armenians who lost their lives and offer our deep condolences to their descendants.

It is both a historical and humane duty for Turkey to uphold the memory of Ottoman Armenians and the Armenian cultural heritage.»

Dette er solide ord frå ein tyrkisk statsminister. Det er ingen anerkjenning av folkemord; det er ikkje Tyrkia klar for. Noreg burde vere klar, det internasjonale samfunnet burde vere klar, Tyrkia burde vere det, men folkemordet må fortsatt vente på å få den avklaringa dei etterlatne fortener. Dessverre.

Først publisert på bloggen Tyrkiskpolitikk.no

Bloggen var blant dei ti finalistane i kåringa av verdas beste nynorske blogg.

Faktaboks

Les meir om det armenske folkemordet på Wikipedia!