3 tips: Slik kjem du i gang med jogginga
Pauline Ravneng (25) syntest jogging var den enklaste treninga å starte med. Verdsmeister Ingrid Kristiansen (70) trekker fram tre ting nye løparar bør tenke på.
– Ein treng ikkje ha medlemskap nokon stad, du må berre ha dei skoa, seier Pauline Ravneng (25) på telefon til Framtida.no.
Ravneng jobbar som vernepleiar, og fortel at ho har eit ganske vanleg A4-liv, med ein unge som straks er to år, og ein kvardag i Østfold som ho må få til å gå rundt. For eit par år sidan var ho lite aktiv og følte seg både tung i kroppen og til sinns.
– Då byrja eg både med styrke og løping, og det lettar veldig på det mentale for min del.
Erfaringane frå amatørtreninga si delte ho på TikTok, der mange sette pris på treningstips som var meir lågterskel.
@paulineravneng Det ga mersmak å løpe ute igjen☀️❄️ deilig å bare løpe med klokka gjemt under alle klærne og ikke følge med på tid! Klokka mi vibrerer hver kilometer🩷 #norsktiktok #fordeg #vektnedgang #livsstilsendring #trening ♬ Lush Life with a Touch Of Funk – touchoffunk
Den mest grunnleggjande treninga
Du har kanskje sett fleire på løpetur i gatene dei siste åra. Enten dei har den nyaste løpevesten, eller har rota fram eit par gamle joggesko frå skapet, er det ikkje tvil om at mange vel jogging og springing som treningsforma si.
Løpedronning Ingrid Kristiansen (70) meiner det er ei av dei beste treningsformene.
– Alle kan gå og alle kan springe, det er vi liksom laga for, seier ho på telefon til Framtida.no.
Ho tenker på alle andre treningsformer som ekstra, det som har kome i tillegg til den urtreninga som det å gå ut og springe er.
– Det er ein enkel idrett du kan gjere når som helst og kvar som helst.

Bokomslag: Res Publica
Den tidlegare verdsmeisteren i både 5000 meter, 10 000 meter og maraton har mange råd i den nye boka si Steg for steg, men det er nokre grunnleggjande ting alle bør ha på plass.
Tre løperåd frå Ingrid Kristiansen til dei som skal byrje å springe
1. Start sakte og roleg. Spring heller litt for treigt enn for fort, slik at du kan halde fram med å springe.
2. Finn ein ven å gå og løpe med. Har du nokon du likar å prate med, går tida fort.
3. Du treng ikkje masse utstyr. Finn eit godt par med joggesko og treningsklede, så er det berre å starte.
Start sakte og roleg
– Det er veldig lurt å byrje forsiktig. Sjølv om du er ung, har du ikkje sprunge, så det er ganske belastande for kroppen, seier Kristiansen.
Det er ein av dei største kjepphestane hennar.
For Ravneng gav det meining å prøve seg litt fram då ho starta, ved å veksle mellom til dømes eitt minutt løping og gåing.
– Eg opplever mykje meistring i løping, ikkje ved å legge ut på den femkilometeren eller tikilometeren frå start, men ved å starte i mitt eige tempo. For ein har jo ikkje kjempebra kondis i starten, om ein aldri har sprunge før.
Men sjølv dei med god kondis skal passe seg dei første turane, fortel Kristiansen.
– Om du har gått på ski, er du i god form, men beina dine toler ikkje så mykje.
Spring saman med nokon
– Gå og løp og snakk saman, då slår ein to fluger i ein smekk. Er du på løpe- og gåtur med nokon du vil snakke med, då gløymer ein tida, tilrår Kristiansen.
Saman med veninna Helene trente Ravneng seg opp til Jentemila i fjor. Å ha ein løpeven var veldig til hjelp.
– Sjølv om du spring for fort til å halde ein samtale gåande, så er det veldig gøy å ha ein aktivitet saman.
Ravneng opplyser om at ho er ambassadør for Jentemila.
Utstyrsjaget er ikkje naudsynt
For Ravneng er noko av det beste med løpinga kor låg terskel det er for aktiviteten.
– Eg kjøpte meg eit par gode løpesko, så var det berre å gå ut døra.
Det stod i kontrast til å starte på treningssenteret, der ho måtte ordne medlemskap, betale kvar månad, og gjerne køyre til trening for å byrje å trene. Då ho starta, hadde ho allereie ei pulsklokke, men Ravneng trur det er lurt å springe for seg sjølv, ikkje for tala, i starten.
Kristiansen er av den gamle skulen, før løpevest var på moten, og ho er tilhengjar av å høyre på kva kroppen din seier.
– Det er berre å sjå på klokka når du fer ut, og om du tenker at du skal vere ute i førti minutt, så spring du i førti minutt, og er nøgd med det.
Å investere i utstyr, meiner ho heller kan skje seinare.
– Om du gjer dette over tid, og finn ut at dette var ganske gøy, så kan det vere noko å kjøpe seg ei pulsklokke, nye joggesko eller treningsdrakt som premie for deg sjølv for at du har klart å halde ut. Men du treng ikkje det for å byrje.
Fellesskap og eit håp om fint vêr
Trass i gode råd, det er éin ting som Ravneng synest kan vere vanskeleg med idretten: Å sjå alle som spring raskt på sosiale medium, med fokus på at ein bør ha ei viss fart. I starten måtte ho sjå bort frå det, og berre prøve seg fram.
– Du er ikkje dårleg og det betyr ikkje at du ikkje kan springe, berre fordi du ikkje har den same farta som dei du ser.
For den ferske løparen var det meir konstruktivt med fellesskapet ho fekk ved å melde seg på eit løp i fjor.
– Det gav ei veldig god oppleving å ha eit felles mål med så mange andre som også spring. Det å ikkje vere åleine var veldig gøy.
Ho oppmodar dei som skal byrje å springe til å bygge opp meistringsbanken sin i starten.
– Så er det veldig fint å kome seg ut i naturen, i finvêret som vi forhåpentlegvis får framover no.









