Alt mitt er ditt er Maria Sand sin tredje roman, og eg får verkeleg kjensla av at ho gjev meg alt ho har.

Hanna Marie Haug
Publisert

Vi følgjer to slekter frå 1925 til vår tid. Frå Mussolinis og fascismens stordomstid til pandemien for berre nokre år sidan.

Måten forteljinga er fortald på, er ikkje unik, men det fungerer. Ho hoppar i tid og mellom dei ulike hovudpersonane, og gradvis skjønar vi at alt heng saman.

Sand brukar plass på plassering i boka. Dei er alle ulike stader i verda, men knytt saman. Eg lærte om italiensk historie, språk og kultur. Om USA og «den amerikanske draumen». Og om den norske kulturen – sett utanfrå.

 

«Alt mitt er ditt»

Forfattar: Maria Sand

Forlag: Oktober

Utgjeven: 20. mars 2026

Sjanger: Roman

Litt om karakterane

Mia og Leone lever i vår tid og møtest i Italia. Mia er frå ein typisk kulturelite-familie i Noreg. Leone held barndomen skjult så lenge han klarar.

Gemma og Fausto. Gemma som ikkje gjer anna enn å vente og arbeide, heilt til det er for seint. Ikkje for seint for kjærleiken, men for å bli noko anna enn det ho vart fortald at ho var. Fausto som nesten vert borte i alt.

Så er det Rita, Marco og skuggen. Sysken og det som kjem mellom dei.

Mor Alvilde og sonen Ole. Alvilde som reiser til Amerika for å følgje draumen sin, og Ole som trass føresetnadene finn ein draum han kan leve ut i Noreg.

Dei personane vi vert kjende med, vert vi veldig godt kjende med. Det er dei nære relasjonane, dei små forholda vi kjem tett inn på.

Litt om språk

Sand skriv vakkert. Eg frydar meg over at ho brukar så mange gjentakingar, for er det ikkje slik det er i hovuda våre til vanleg? Dei tinga som er viktige for oss, gjentek vi. Og ting vi vart fortalde som born, heng ved oss altfor lenge, eller akkurat lenge nok.

Ho gjer lurt i å gi oss nokre haldepunkt i ei bok på nesten 500 sider. Det gjer at eg som lesar føler at eg har skjønt noko, og at eg ser noko som dei ikkje ser.

Kva meir vil eg seie om språket? Eg er tilfreds. Eg let meg rive med. Eg vil vidare, vidare. Er glad for at ho ikkje vert for lenge på same stad.

Litt om truverd

Det er mogleg eg innbiller meg dette, men det gjev meining synest eg: For truleg har forfattaren vore forelska, så det skriv ho rivande godt om. Det har ho kjent på kroppen, og orda står der så naturlege.

Men ein av karakterane vert send i krig. Eg trur ikkje Maria Sand har vore soldat, og eg synest eg kan merke det. At orda er mindre truverdige, meir dikta, får mindre plass. Det må vere sterke kjensler der òg, men det kjem ikkje fram på same måte.

Samstundes plaga det meg ikkje så veldig. Eg har heller aldri vore i krig, men eg har vore forelska.

Litt om stemninga

Tematikken er i det heile ganske dyster. Det er nokre få lysglimt, og det kan samanliknast med kor ofte det var sol i Oslo i februar.

Det er Leone som skal på kino med onkel, Lidia som kjem seg vekk og pengane som strekk til – så vidt det er. Boka er ikkje lystig eller morosam. Ho byr ikkje på naivt livsmot og gjev meg ikkje trua på rein kjærleik. Men dei gjev ikkje opp, og det er ei kraft i seg sjølv.

Historia vert mørkare og mørkare. Eg gløymde kor eg var og at tida gjekk, for skjebnen til familiane vart viktigare for meg enn så mykje anna. Verda er så urettferdig. Kvifor kan dei ikkje berre snakke saman?

Litt om oss i historia

Så skal liksom historia vidare. Nokon skal døy, andre skal fødast. Nokon tek over og nokon svinn bort. Med tida mistar vi alle det og dei vi kjem ifrå.

Filosofen Hannah Arendt seier noko om at vi ikkje sjølv skriv vår eiga historie. Vi kan aldri fullt ut forstå kven vi er. Det er fyrst dei som kjem etter oss, som ser det. Det er fyrst når vi kan plasserast i ein større kontekst, ei større forteljing, at kven vi er vert tydeleg. Når eg les slike slektsromanar, tenkjer eg at Arendt er inne på noko.

Men boka var kanskje litt i lengste laget.