Tilbyr drop-in dåp
For å bøte på dei synkande dåpstala inviterer Lademoen kirke i Trondheim til drop-in dåp 9. mai.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kyrkja må stikke fingeren i jorda og tenkje litt nytt no. Me trur dåpen er ein fin ting å ha med seg i livet, og vil at terskelen for at folk vert døypt skal senkast. Difor arrangerer me drop-in dåp, seier sokneprest Stein Ellingard i Lademoen kyrkje til Adresseavisen, som først omtala saka.
Laurdag 9. mai klokka 12-16 ynskjer dei både store og små som vil døypast på under ein halvtime velkomen.
I 2014 vart for fyrste gong under 60 prosent av norske nyfødde døypte. I fjor vart berre 58,9 prosent av borna døypt, noko som er ein nedgang på heile 3,1 prosentpoeng frå året før.
Fortset utviklinga i dette tempoet vil ein bikke under 50 prosent dåpsdel før det har gått fem år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Den norske kyrkja er uroa over utviklinga og lanserte i fjor denne smått absurde kinoreklamen for å bøte på dei dårlege tala:
Kinoreklame – Dåp from Fabel Media AS on Vimeo.