KI-ekspert åtvarar mot reklame i ChatGPT
ChatGPT er ein type kunstig intelligens som kan svara på spørsmål, forklara ting og gi råd. Mange bruker slike tenester kvar dag. No diskuterer ekspertar om det kan bli eit problem at det også kjem reklame inn i svara ein får.
Denne saka er laga av systeravisa vår, Framtida Junior.
– Folk snakkar med ChatGPT for å få råd, rett og slett. Så eg vil seie at det er ganske uetisk å putta reklame inn i noko så kommersielt. Det er på grensa til manipulasjon og utnytting, seier Inga Strümke, forfattar og KI-ekspert til NRK.
Manipulasjon er når nokon prøver å påverka deg utan at du merkar det. Kommersielt er noko som handlar om å tene pengar, til dømes ved å selje varer, tenester eller reklame.
Når me snakkar med ein chatbot, kan det kjennast meir personleg enn vanleg reklame. Derfor kan tilrådingar verka meir truverdige.
ChatGPT er ein av dei mest populære tenestene i historia, med 900 millionar brukarar sidan lanseringa i 2022, ifølgje TechCrunch. Men berre eit fåtal av brukarane betaler for dei enorme mengdene datakraft språkmodellen treng. Derfor treng OpenAI, som er selskapet som står bak ChatGPT, meir inntekter.
– Om ein står på randa av konkurs, som OpenAI gjer ganske ofte, så må ein nærast gjera kva som helst så lenge det er lov, seier Strümke til NRK.






