Ungdommar skal gi råd om reiselivspolitikken
Næringsminister Monica Mæland (H) inviterer ei gruppe elevar og studentar frå Sogn og Fjordane, Troms og Akershus til å klekka ut gode idéar for reiselivet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mæland håper ungdommane kan komme med gode innspel til stortingsmeldinga om reiselivet som ho etter planen skal leggje fram neste år.
– Eg trur at tankane og kreativiteten til dei unge er eit viktig bidrag i arbeidet med ein ny reiselivspolitikk. Det er viktig å lytte til dei yngre generasjonane. Derfor spør vi om råd frå dei unge, seier Mæland.
Ungt Entreprenørskap skal hjelpe til med å organisere ungdomsinnspela. (©NPK)
LES OGSÅ: – Tilsett datakyndige 16-åringar