Angrepet på Iran: – Ein kan ikkje bombe seg til fred og demokrati
Solidaritetsungdommen og SAIH kritiserer helgas angrep på Iran: – Det er skummelt å sjå USA ta seg fridommen til å invadere og redigere regime i andre land nok ein gong.
– Vi blir skremde av å sjå kor lett det er for verdsleiarar å trykke på den store raude knappen, med null respekt for demokratiske spelereglar og folkeretten, uttalar leiar Sarah Taif og nestleiar Maria Abdallah i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom i ein e-post til Framtida.no.
USA og Israel angreip fleire iranske byar, inkludert hovudstaden Teheran, med kampfly laurdag morgon. Målet med operasjonen, som USA kallar «Episk vreide», er å øydelegge missilar og hindre at Iran skaffar seg atomvåpen. Iran har svart med luftangrep på fleire amerikanske basar.
– Det er skummelt å sjå USA ta seg fridommen til å invadere og redigere regime i andre land nok ein gong.
Solidaritetsungdommane meiner verda har sett nok av USA sine «såkalla fredsoperasjonar», men har aldri sett at dei klarar å skape fred. Dei viser til at både USA og Israel har atomvåpen, og kallar det dobbeltmoral når dei angrip Iran på grunn av frykt for atomvåpen.
– Ifølge både Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) og amerikansk etterretning er det ikkje bevis på at Iran har eit aktivt atomvåpenprogram. Difor framstår det hult når desse to atomvåpenstatane bombar Iran.
Dei fryktar store humanitære kostnader når ei rekke land no er involverte i konflikten.
– Bomber fører ikkje til fred
– Vi står i full solidaritet med menneska på bakken som ønsker fred, demokrati og menneskerettar i Iran, seier Henriette Reierson Johnstone, leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), på telefon til Framtida.no.
Samstundes fordømmer ho angrepet frå USA og Israel.
– Bomber har aldri vore vegen til fred. Krig og militær intervensjon har gong på gong vist seg å ikkje skape gode demokrati for menneska som lever der. Vi støttar sjølvsagt demokratiutvikling i Iran, men det må komme frå folka sjølve, seier ho.
To tankar i hovudet
Regimet i Iran har teokratiske og autoritære trekk. Homoseksualitet og blasfemi er blant mange ulike lovbrot som kan straffast med døden, kvinner vert undertrykte, og offentlege avrettingar vert brukte for å avskrekke folk frå å delta i politiske prosessar. Iranarar og norsk-iranarar dansa i gatene i Oslo då nyheita kom om at ayatolla Ali Khamenei var drepen.
Johnstone i SAIH understrekar at prestedømmet i Iran er eit «forferdeleg, undertrykkande diktatur».
– Men vi må ha to tankar i hovudet på same tid. Ein kan ikkje bombe seg til fred og demokrati. Det er brot på folkeretten og reglar i krig, slår ho fast.
Ho viser til at vestlege land som Frankrike, Tyskland og Storbritannia har fordømt Iran sterkt.
– USA og Israel er agressorane i denne konflikten. At Tyskland, Frankrike og Storbritannia ikkje fordømmer dei like tydeleg, men i tillegg opnar for «defensive tiltak» mot Iran, er rett og slett dobbeltmoralsk, seier ho.
Folkeretten
Reglane i folkeretten bestemmer kva statar kan og ikkje kan gjere. Til dømes er det forbode for eit land å invadere eit anna land.
Menneskerettane er ein del av folkeretten. Det er også Haagkonvensjonane og Genèvekonvensjonane, som har reglar for krigføring.
Suverenitetsprinsippet, altså at alle statar er suverene, skal bestemme fritt over seg sjølve, og ikkje bli styrt av andre mot sin vilje, er grunnlaget for folkeretten.
FN er ein av dei viktigaste arenaene i verda for å forhandle fram nye internasjonale avtalar. FN-pakta gir FN makt til å sørge for at statane følger folkeretten.
Kjelde: FN.
– Set demokratiske prinsipp til side
Taif og Abdallah i Solidaritetsungdom skriv også at ein ikkje kan rettferdiggjere angrepa i Midtausten med ønske om regimeendring.
– Vi er sjølvsagt imot knebling av ytringsfridom og står på barrikadane for rettane til kvinner. Dersom premissen i debatten blir å velje mellom Israel, USA og Iran, så drar vi debatten langt vekk frå det han eigentleg burde handle om. Det er aldri innanfor å bombe, drepe, okkupere eller undertrykke, og vi veit at 90 prosent av dei drepne ved bruk av eksplosive våpen i tettbygde strøk, er sivile, skriv dei.
Dei meiner USA og Israel ikkje er opptekne av demokrati og menneskerettar i Iran. USAs forsvarsminister Pete Hegseth har klargjort at målet med krigen ikkje er regimeskifte.
Vidare påstår dei at både USA og Israel set demokratiske prinsipp til side i sine eigne land.
– Dersom ein skal ha endring av regime, må vi jobbe aktivt med demokratiske spelereglar. Det kan ikkje bli lagt til side eller sjåast på som «naivt». Folkemakta må styre, men dette krev ekte og reelle demokrati. Situasjonen for kvinner, sivile og minoritetar vert ikkje betre av dette, skriv solidaritetsungdommane.
– Ikkje opptekne av sivile liv
Politisk rådgivar Gerald Folkvord i Amnesty International Norge seier på telefon til Framtida.no at både USA, Israel og Iran har eit veldig dårleg «rulleblad» når det gjeld å ha respekt for folkeretten.
– Frå tidlegare militæroperasjonar har vi sett at dei ikkje er opptekne av å vareta sivile liv, seier han.
Han fryktar at angrepet mot Iran kan ha alvorlege konsekvensar for folk i landet. Folkvord trekker fram at iranske styresmakter fleire gonger har reagert på militærangrep med å gå etter opposisjonelle i landet.
– Dei brukar angrep som eit argument eller påskot til å angripe personar dei opplever som kritiske mot regimet, eller på etniske minoritetsgrupper, til dømes under påskot om at dei er israelske spionar, seier han.
Andre gonger har dei reagert med å angripe kurdiske busetnader nord i landet, som styresmaktene meiner vil støtte fienden.
– Det er eit ekstremt brutalt regime som brukar alle påskot til å gå etter politiske motstandarar.
– Kan fjerninga av Ali Khamenei vere til hjelp for fridomskampen i Iran?
– Det må vi sjå. Det er sjeldan at den type militæroppdrag bidreg til at situasjonen på bakken blir betre. Det er viktig å ha med seg at dei militære angrepa er baserte på interessene til USA. Dei gjekk til angrep fordi dei oppfatta Iran som ein sikkerheitstrugsel. Om det er eit håp om å utløyse eit internt opprør, er det altfor tidleg å seie om dette vil føre til betringar, seier han.
Han viser til videoar og pressedekning som viser at iranske borgarar feirar drapet på Khamenei i gatene.
– Det er eit uttrykk for eit håp om politisk endring. Men om det skjer, veit vi ikkje enno, seier han.
– Stå i solidaritet
Johnstone i SAIH seier det viktigaste å gjere no, for å få demokratisk utvikling i Iran, er å støtte opp om folka som bur i landet.
– Ikkje meir militær intervensjon. Vi må halde fram med å stå i solidaritet med sivile, folka, studentane som ønsker eit fritt, demokratisk Iran med menneskerettar. Vi har alle moglegheit til å stå støtt i solidariteten med dei, seier ho.
Ho meiner militære angrep kan skape usikkerheit for demokratirørsla i folket.
– Vanvitig mange menneske har tatt til gatene for å kjempe for demokrati. Det var sjølvsagt farleg å demonstrere før òg, men militære angrep gjer gatene utrygge og set barrierar for at folk kan gå ut og fredeleg demonstrere, som er deira rett. Men folk er motstandsdyktige, seier ho.
Også solidaritetsungdommane meiner Noreg må halde internasjonal solidaritet i fokus.
– Noreg må heve stemma, fordømme alvorlege brot på folkeretten og stå fast på prinsippa om menneskerettar, ytringsfridom og kvinners rettar. Stemma til Noreg må vere tydeleg for fred og vern av det sivile liv, skriv Taif og Abdallah.
Dei meiner Noreg må krevje at USA, Israel og Iran sluttar seg til FNs atomvåpenforbod (TPNW), kritisere regimet i Iran og understreke at ein angrepskrig frå USA eller Israel ikkje er løysinga.
– Vi må stille same krav til alle statar, også våre allierte, for å motverke dobbeltstandarden vi no ser, skriv dei.
Fordømmer angrepa
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har sagt at angrepa frå USA og Israel ikkje er i tråd med folkeretten.
– Vi tar sterk avstand frå at desse landa blir råka, og at sivile blir råka der. Og økonomi, menneske og sivile vert trekte inn, seier han til NRK.
Han tek i same vending avstand frå Irans motangrep mot andre land i Midtausten.
Utanriksminister Espen Barth-Eide (Ap) kallar situasjonen den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Han seier til NRK at angrepa frå Israel, USA og Iran er alvorlege folkerettsbrot. Han trur heller ikkje drapet på Khamenei vil føre til eit regimeskifte med det første.
Eytan Halon, leiaren i den israelske ambassaden i Oslo, kritiserer den norske fordømminga av angrepet. Han avviser påstandar om at angrepet strir mot folkeretten.
– Folkeretten krev ikkje at missilane allereie er på veg mot deg før du tar grep, seier han i eit intervju med NRK.
Utanriksminister Barth-Eide fortalde tysdag at han vil drøfte ein avtale om såkalla «kjernefysisk avskrekking» med Frankrike. Det inneber å slutte seg til atomvåpenprogrammet til Frankrike, men utan å ha atomvåpen på norsk jord i fredstid.









