«Looksmaxxaren» som gjer alt for å sjå bra ut: – Må jo berre håpe at han mister nokon på vegen

Den kontroversielle påverkaren Clavicular har fått mykje merksemd den siste tida. Press ønskjer tydelegare rammeverk for marknadsføringa til påverkarar.

Einar Nygaard
Publisert

– Det er ei veldig merkeleg tilnærming til livet. Det er eit merkeleg syn på det å skulle sjå bra ut, og kor viktig det er. Det drar handlingsrommet veldig mykje lenger enn mannen i gata ville gjort, seier Marius Sjølyst, leiar av Press – Redd Barna Ungdom.

Han snakkar om den 20 år gamle påverkaren Braden Peters, betre kjend som Clavicular, som driv med «looksmaxxing». Looksmaxxing inneber å optimalisere utsjånaden, gjerne gjennom drastiske grep, for å sjå så bra ut som mogleg.

Meir om looksmaxxing

Looksmaxxing oppstod på nettforum som 4chan og Reddit, men har nyleg spreidd seg til plattformer som TikTok.

Fellesskapet har eit stort overlapp med grupperingar som incels, og er prega av kvinnefiendtlege haldningar og ein sterk gruppementalitet med sitt eige vokabular.

Dette vokabularet har spreidd og seg, og nyttast no mellom anna av republikanarar i USA. Krigsdepartementet (The Department of War) i USA laga til dømes nyleg omgrepet lethalitymaxxing.

Clavicular har fått kritikk for å ha sunge Kanye West sin låt Heil Hitler, seie N-ordet, og vere saman med kjente nasjonalistar, men avviser at looksmaxxarar er rasistar.

Villig til å gå til ekstreme lengder

Og når det kjem til Clavicular er drastisk eit nøkkelord.

Påverkaren har til dømes hevda å slå seg i fjeset med hammar for «sterkare (kjeve) bein», og at han tek metamfetamin for å døyve svolt.

– Eg ser han seier at det å sjå bra ut nesten er det viktigaste ein kan fokusere på som mann, eller som person. Og at han er villig til å gå til ganske ekstreme lengder for å «sjølv-optimalisere» seg sjølv, seier Sjølyst.

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Marius Sjølyst. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Rask vekst

Clavicular har det siste året blitt stor på streaming­tenesta Kick, der han no har meir enn 200 000 følgjarar. På TikTok har han nesten 780 000 følgjarar.

Influensaren tek betalt for å coache andre, slik at dei kan bli «opphøgd» (ascended) for å sjå betre ut, samstundes som han òg strøymer store delar av livet sitt.

På dette tener han om lag 100 000 dollar, eller i underkant av ein million kroner, i månaden.

Stor samla effekt

– Barn og unge etablerer seg førebilete i påverkarar, og får parasosiale forhold. Vi veit at når påverkarar presenterer ein måte å sjå ut, å leve på, og å vere på, så kan det ha stort nedslagsfelt. Kanskje særleg dei som i utgangspunktet er usikre på seg sjølv, kan ta til seg det som blir sagt.

Sjølyst vil ikkje spekulere i rekkevidda til enkelte influensarar, men seier det handlar om den samla effekten av det ein får opp i feeden.

– Det skaper eit press som seier noko om korleis ein bør sjå ut, og korleis ein kan oppnå det.

– Clavicular snakkar om ganske ekstreme metodar i forhold til påverkarar i Noreg. Tenkjer du at det blir så ekstremt at det mister påverkingskraft? 

– Ein må jo berre håpe at han mister nokon på vegen når han drar den så langt. Eg skal ikkje spekulere i å samanlikne det med andre, eg meiner det er farleg uansett.

Saka held fram under biletet.

Gullbarbie

Årets Gullbarbie-vinnar, Team Bravo, får kritikk av Press for å fronte innhald som prøver å selje ei usunn haldning til kropp, helse og trening, direkte retta mot born og unge.

Sjølyst vil ikkje trekke linjer mellom Clavicular og Team Bravo.

– Det er jo ein heilt anna ekstrem som ikkje liknar Team Bravo i det heile.

Samstundes trur Sjølyst at barn og unge stemte dei fram fordi dei berre fokuserer på utsjånad.

– Benny Bravo snakkar ikkje om trening fordi det er bra å ha ein aktiv livsstil, han snakkar ikkje om kosthald fordi det er viktig med ein god og variert kost. Han snakkar om det som ei maksimering av å sjå bra ut. Det er berre eit fokus på utsjånad.

Han ser ikkje ei dramatisk endring i fokus på utsjånad, men at det er ei utvikling som har skjedd gradvis over fleire år.

– Men sosiale medium utviklar seg til å få meir og meir lukka miljø og ekkokammer. Inntrykket kjem ikkje berre frå éin påverkar, men er samansett av forskjellige typar påverkarar.

Framtida.no forsøkte å få ein kommentar frå Team Bravo i samband med Gullbarbie, men har ikkje fått svar.

Strengare rammeverk

Sjølyst meiner det no må lagast tydelegare rammeverk, og setjast av middel til å følgje opp eksisterande marknadsføringslover.

– Ein må finne ut av korleis ein skal regulere marknadsføringa til påverkarar på sosiale medium. Det er det ingen som leverer noko godt svar på, seier han.

Han vil ikkje spekulere i kva som skal vere lov og ikkje lov å seie på sosiale medium.

– Det inngår i ytringsfridomen. Men vi treng ein stor offentleg samtale om kva slags type marknadsføring som skal vere lov, seier Sjølyst.

Framtida.no har kontakta Braden Peters på Instagram for å gje han moglegheit til å svare på kritikken frå Press, men har ikkje fått svar.