Ber russen vaksinera seg

Det har vore meir smittsam hjernehinnebetennelse dei siste åra. Russ som festar hardt er spesielt utsette, og då er vaksinering viktig, seier smittevernoverlegen.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russetida er nær, med all forventing og uro som høyrer med. Smittevernoverlege Øystein Søbstad  går no ut og oppmodar russen til å ta vaksine mo hjernehinnebetennelse, ifølgje NRK Hordaland.

Hjernehinnebetennelse er ein smittsam sjuksom som kan føra til feber, slappheit, oppkast med meir. Du er ekstra utsett for smitte når motstandskrafta di er mindre – noko som skjer etter lengre periodar med hard festing, drikking, klining og lite søvn.

Ein periode som for mange er symbolisert av akkurat desse faktorane er nettopp russetida.

LES OGSÅ: – Dagens russ er for snille

– Russefeiringa kan ofte vera ei stor påkjenning. Dei festar hardt og er slitne og då er motstandskrafta dårlegare enn elles. Spesielt storfestarane bør ta vaksinen. Erfaringsmessig ser me at dei er meir utsette sidan motstandskrafta er mindre, seier Øystein Søbstad til NRK Hordaland.

Han understrekar at det ikkje er nokon uheldige biverknader med vaksinen.

Russen får tilbod om gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse, eit tilbod som blir gjennomført for fjerde gong på rad i år. I Bergen tek rundt halvparten av russen imot vaksinen, opplyser NRK Hordaland. Det er noko betre tal enn tidlegare.

LES OGSÅ: 1 av 5 trur vaksiner er farleg