Oda Røhme Sivertsen tek over som leiar i Unge Høgre
– Ei stor ære å bli vald, skriv den nye leiaren.
Ola Svenneby gjekk av som ungdomspartileiar i Unge Høgre, då han vart vald som 2. nestleiar i Høgre under partiet sitt landsmøte 13.-15. februar. Då vart Oda Røhme Sivertsen, 1. nestleiar i ungdomspartiet, vald inn som leiar av Unge Høgre.
– Det er utruleg kult og ei stor ære å bli vald som ny Unge Høgre- leiar. Ikkje minst er det gøy å ta over etter Ola, som verkeleg har sett Unge Høgre og ungdomspolitikken generelt på kartet, skriv ho på SMS til Framtida.
Sivertsen synest det er ei spanande tid å drive med politikk, med store endringar i både Høgre, Noreg og verda.
– Framover blir det viktig for meg å jobbe for at denne generasjonen med unge får minste like gode moglegheiter til å lykkast som dei tidlegare.
26-åringen er originalt frå Oslo, men har tidlegare vore leiar i Hordaland Unge Høgre, og bur no i Lillestrøm.
Ho er utdanna siviløkonom frå NHH, og kjem til å sitje som leiar fram til landsmøtet som blir arrangert 19. til 21. juni. Då blir det blir stemt over eit nytt styre.
● Les også: Ola Svenneby (28) er ny nestleiar i Høgre






