KrF får fleirtal for skulegudstenester
Eit forslag frå KrF om at norske skular er nøydde til å kunne tilby skulegudstenester, har fått fleirtal i Stortinget. Bakoverlent, meiner Unge Venstre.
KrF sikrar fleirtal saman med Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet, skriv VG.
Lovforslaget inneber at skulane er forplikta til å kunne tilby elevane gudsteneste i skuletida. Elevane skal sjølv få avgjere om dei ønskjer å delta. Stortinget skal stemme over saka torsdag 5. mars.
Viktig siger for KrF
Utdanningspolitisk talsperson Joel Ystebø i KrF omtaler dette som ein viktig siger for partiet.
– Kristendommen har prega språket, høgtidene og verdiane våre. Dei må få oppleve tradisjonen i praksis. Lite er meir inkluderande og samlande i løpet av eit skuleår enn nettopp skulegudsteneste, seier Ystebø.
Simen Velle i Frp peikar på frivilligaspektet som ein viktig del av innføringa.
– Det frivillige er viktig for Frp, men det er ikkje frivillig dersom tilbodet ikkje eksisterer i skulen, seier Velle.
Totalt bakoverlent

Omar Svendsen-Yagci er leiar i Unge Venstre. Foto: Enok Grova/Unge Venstre
Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci meiner lovforslaget er totalt bakoverlent
– Skulegudstenester høyrer heime på historias skraphaug. Staten har ingen plass i å prakke religion på barn i skuletida. Derfor vil Unge Venstre forby skulegudstenester for alle, meiner han.
– Tru er ei privatsak. Om nokon ønskjer gudsteneste, får dei gå i kyrkja på fritida, men skulen må halde seg sekulær.






