Altinget: Stortinget droppar målet om å bli klimanøytralt innan 2030: – Synd, seier klimaministeren

Stortinget vedtok i dag å oppheva klimanøytralitetsmålet, som hadde som mål å oppnå null klimagassutslepp i 2030, skriv Altinget.

NPK-NTB
Publisert

Fleirtalet som fekk vedtaket igjennom, består av Frp, Høgre, Raudt, KrF og Senterpartiet. Forslaget vart fremja av Sp i november i fjor.

– Det er bra at stortingsfleirtalet no blir med på ei opprydding i klimapolitikken. I ti år har me hatt eit særnorsk klimanøytralitetsmål som verken Storting eller regjering veit kva inneber, kostar eller korleis skal nåast. Slik kan me ikkje halda fram, seier energipolitisk talsperson for Senterpartiet Maren Grøthe til Altinget etter det vart klart at eit fleirtal støtta forslaget.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) har tidlegare sagt at ei slik oppheving er eit frykteleg feil signal å senda.

– Noreg har ingen tradisjon for å avlysa klimamål eller springa frå forpliktingane sine før arbeidet har starta. Det ville senda eit uheldig signal og vil bli lagt merke til internasjonalt. Det synest eg det er synd at eit fleirtal på Stortinget har bestemt seg for å gjera, seier han til avisa.

Målet om å vera klimanøytralt frå 2030 vart vedteke i 2016, etter at Parisavtalen vart signert. Det vart vedteke mot stemmene til Høgre og Frp.