Historisk parole for transpersonar på kvinnedagen i Oslo

– Viser at vi har kome eit stykke, seier Skeiv Ungdom-leiar Rebecca Zahl.

Åshild Slåen
Publisert

«Feminisme mot fascisme – Transkamp er kvinnekamp».

Dette er ein av dei vedtekne parolane som ein kan sjå i Oslo sitt 8. mars-tog i år.

Det er den første gongen toget inkluderer ein offisiell parole eksplisitt for transpersonar sine rettar som ein del av kvinnekampen.

– Det er viktig å vise at feminisme rommar alle, seier Jenni Gloppe Solem (26).

Ho er ein av mange som møter opp på workshopen til SambAttac ei veke før 8. mars for å male banner og lage plakatar.

Sambattac er ein del av den internasjonale rørsla Rhythms Of Resistance og ei undergruppe av Attac. Dei kjempar for ei verd som set miljø, menneskerettar og sosiale rettar framfor profitt. Trommegruppa er lett å høyre på demonstrasjonar, der dei bruker sambabaserte rytmar for å protestere.

Solem har nettopp rissa opp delar av slagordet til parolen på det store banneret.

– Når vi ser kor mykje fascisme og ekstreme meiningar som er i oppblomstring, er det endå viktigare å vise at det ikkje er greitt.

Vil ha ei inkluderande markering

Korleis transpersonar passar inn i kvinnerørsla har vore ein debatt i lengre tid, og i fjor kritiserte Inkluderende feminisme-initiativet at det heller ikkje då vart vedteke ein parole til støtte for transkvinner i hovudstaden.

SambAttac stilte då opp med sin uoffisielle parole «Transkamp er kvinnekamp» i toget. Slike slagord er lov så lenge bodskapen ikkje strir mot nokon av parolane som blir vedteke på møtet i forkant.

Med trommene sine var det lett å både sjå og høyre gruppa, og dei opplevde at mange valde å gå bak banneret.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SambAttac Oslo (@sambattac_oslo)

 

8. mars-toget i Oslo

Den tradisjonelle markeringa av kvinnedagen i Oslo vart starta i 1972 av Kvinnefronten. Dagen blir vanlegvis markert med appellar og taler på Youngstorget, før deltakarane går i eit tog rundt i byen, medan dei frontar politiske saker under forskjellige parolar.

Før toget arrangerer arbeidsutvalet eit parolemøte som er opent for alle, der dei som ikkje identifiserer seg som menn kan stemme over kva som skal vere dei politiske parolane i årets tog.

Dette er 8. mars-komitéen i Oslo. Dei bestemmer kva som skal vere den overordna hovudparolen, som går fremst i toget, i tillegg dei andre offisielle parolane.

Deltakarar har lov til å ta med seg andre parolar inn i toget, men bodskapen deira kan ikkje stri mot dei offisielle parolane som er vedteke av komitéen.

Årets hovudparole er «Si navnet hennes – Tamima. Ingen flere liv tapt til muslimhat og rasisme», og vart fremja av LIN – Likestilling, inkludering og nettverk.

Josefine Horn (30), eit anna medlem av trommegruppa, er lent over banneret med kvit måling når Framtida pratar med ho. Horn fortel at det var under markeringa i fjor dei innsåg at dei hadde eit stort ansvar, sidan dei var så synlege. I år oppfordra dei difor så mange som mogleg til å delta på parolemøtet.

– Både fordi det er viktig å delta, men også fordi engasjement er motgifta mot fascisme.

Samstundes var dei tydelege på at gruppa ville prøve å få inn ein offisiell parole om at transkamp er kvinnekamp.

– Transpersonar opplever same system som kvinner opplever. Det blir kunstig å skilje mellom dei kampane, for vi blir sterkare saman, seier Horn.

Fleire organisasjonar og enkeltpersonar fremja transpositive parolar, men det var SambAttac sin parole det vart fleirtal for.

– Jævlig å vere trans

– Eg synest det er veldig positivt, og det viser jo at vi har kome eit stykke, seier Rebecca Zahl (26), når Framtida møter ho.

Zahl er leiar i Skeiv Ungdom, og meiner det er historisk med ein transpositiv parole frå 8. mars-komitéen i Oslo.

I 2023 tok organisasjonen avstand frå den tradisjonelle markeringa, fordi dei meinte komiteen då tillèt hatefulle ytringar frå talarstolen sin, og var ekskluderande for både transpersonar og andre minoritetar. I år er markeringa meir samla.

For Zahl er det ein styrke at fleire kan kjempe mot patriarkalske strukturar og tronge kjønnsroller. Ho er sjølv ei ikkjebinær transkvinne, og meiner det er naudsynt å stå saman dersom ein skal få politisk gjennomslag.

– Om eg skal vere heilt ærleg er det ganske jævlig å vere transperson for tida, seier Zahl.

Ho peikar på at tilbodet for kjønnsstadfestande behandling i Noreg er avgrensa, spesielt for dei under 18 år, og at den Nasjonale Behandlingstenesta for Kjønnsinkongruens i fjor vart felt for ulovleg forsking på transpersonar.

Dei opplever også meir motstand internasjonalt. Åtak mot og press for å fjerne personar som er trans, ikkje-binære og intersex frå offentlege rom har auka i Europa, ifølgje 2026-oversikta til ILGA Europe.

Internasjonal rørsle mot «kjønnsideologi»

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), er ein av fleire organisasjonar som stiller seg bak parolen i 8-marstoget. Dei merkar at den såkalla anti-gender-movement, eller antikjønn-rørsla, får meir å seie internasjonalt, og hindrar akademisk fridom.

Antikjønn-rørsla er ei rørsle som mobiliserer mot rettar som sjølvbestemt juridisk kjønn, bruk av offentlege toalett i tråd med eigen kjønnsidentitet og tilgang til kjønnsstadfestande behandling, ifølgje SNL.

– Dei går særleg til åtak på transpersonar og det dei definerer som «kjønnsideologi», seier Henriette Reierson Johnstone, leiar i SAIH, på telefon til Framtida.

Ho viser til at samarbeidspartnarane deira i blant anna Bolivia og det sørlege Afrika stadig må jobbe mot feilinformasjon som gjer verda vanskelegare og mindre trygg for transpersonar.

– Partnaren vår GALA, eit skeivt arkiv i Sør-Afrika, jobbar mykje med å vise at det å vere skeiv ikkje er «uafrikansk». Det er det som ofte blir promotert av denne «anti-gender»-rørsla. Å jobbe mot desse narrativa er kjempeviktig.

Henriette Reierson Johnstone er leiar i SAIH. | Foto: Privat

Johnstone skal på FN sin kvinnekommisjon i New York 8. mars, og fortel at antikjønn-rørsla kjem til å ta mykje plass på det arrangementet.

– Då er det fint å vite at vi er ein stor samla front som er ueinig i det. Det er det denne parolen viser fint, at det handlar om alle kvinners rettar, og at det er eit større slag mot fascistiske trendar vi ser globalt.

Står samla mot åtak på minoritetar

Både Skeiv Ungdom og fleire Framtida pratar med på bannermøtet meiner det er viktig å kjempe mot politikken og haldningane som kjem frå USA etter at Donald Trump vart president att.

I januar i fjor vedtok Trump ein presidentordre som skulle «beskytte kvinner frå kjønnsideologi og gjenopprette biologisk sanning hjå dei føderale styresmaktene», og i februar fekk fleire transpersonar i delstaten Kansas beskjed om at førarkortet deira er ugyldig, fordi informasjonen på sertifikatet må stemme med «kjønn ved fødsel».

– Det har alltid vore viktig, men no har det blitt meir synleg. Ein ser det blir brukt meir som motivering frå høgresida, seier Eiolf.

Han har møtt opp saman med venar som har funne ut at dei vil støtte parolen.

Dei er flinke til å dele på penslane, så alle får bidratt.

Josefine Horn er glad for at fleire kan samle seg om ein felles bodskap.

– Vi veit at fascisme handlar om å gå til åtak på gruppe etter gruppe, og strategisk gjere minoritetar om til fiendar. Det som først rammar transpersonar, funksjonshemma og muslimar, gjeld oss alle, og transpersonar har alltid stått med kvinnekampen, seier ho.