Den japanske forfattaren Emi Yagi har skrive ei bok som har alt: Ei overraskande forteljing, summande godt språk, filosofiske innslag og skarp samfunnskritikk.
Fyrst, ein strålande idé: Shibata er ei heilt vanleg japansk kvinne på trettifire som arbeider i eit firma i storbyen Tokyo. Ho ergrar seg over hennar mannlege kollegaer som tek det for gitt at ho ordnar alle småting på kontoret, til dømes å sette på kaffien før alle møte.
Så kva gjer ein då?
Jo, sjølvsagt: Ein lyg om at ein er gravid.
Relevant for kven?
Som for så mange andre unge, er born framleis eit nokså fjernt konsept for meg. Eg tvilte på om boka ville tale til meg, men det gjer ho.
Emi Yagi skriv for dei som får born, dei som ikkje får born, dei som ikkje likar born og dei som er einsame. Og ho får fram at det siste der, kan gjelde alle dei nemnde. «Alle mister kvarandre», skriv ho, flytande slik at det er mogleg å svelge.
Språket er enkelt og likefram, og fullt av metaforar vi forstår. Det hender eg les bøker og tenkjer at dei kunne vore skrivne av fleire forfattarar, fordi skrivestilen er ujamn. Slik er det ikkje her.
Skadefryd
Shibata brukar ein app for å følgje fosteret si utvikling. Ho byrjar på «mammaerobic» og blir kjend med andre gravide. Løgna er lett å bere dei fyrste vekene, men det vert, naturleg nok, meir og meir krevjande dess nærare termin.
Eg sakna å få meir innblikk i desse situasjonane. Kall det gjerne skadefryd, men eg gledde meg til å lese om korleis ho måtte ro seg ut av diverse kniper. Ideen har eit potensial for å vere urkomisk, som eg synest forfattaren ikkje fullt ut utnyttar.
Kunstig og rått
Samstundes ville kanskje ein overdriven humor ha overskygd alvoret og den gjennomsyrande samfunnskritikken. Den tydelegaste kritikken er retta mot likestilling: Her har Japan ein del å gå på.
Likestilling i Japan
– FNs Gender Inequality Index (GII) måler skeivfordelinga mellom kvinner og menn i ulike land.
– 0 er fullstendig likskap, og 1 er fullstendig ulikskap
– I Japan er skeivfordelinga målt til 0,059
– Noreg ligg til samanlikning på 0,004
– Desse faktorane blir målt: mødredødelegheit og tenåringsfødslar, deltaking i politikken og utdanning, og deltaking i arbeidslivet.
– Tala er frå 2023
Kjelde: FN
Så seier boka også mykje om høge forventningar, tempo, teknologi og framsteg. Shibata får ikkje kvile med god samvit før ho lyg om å vere gravid. Sjølv om den jamne nordmann arbeider færre timar enn den jamne japanar, trur eg vi er mange som ser med uro på hamsterhjula vi sjølv spring i. Shibata fann ei løysing.
Kontrastane mellom det kunstige og naturlege løfter boka. På den eine sida alt dette «moderne» som driv oss, og på den andre sida kreftene i oss som er rå og naturlege. For lite er råare enn ein fødsel. Og lite er meir naturleg enn kjensler som vreide, skam, einsemd og sorg.

Kollasj av Framtida.no, bokomslag frå Samlaget
«Fødd på ny»
Ein anna kontrast er den mellom løgn og sanning. Ein kan spekulere i kva som eigentleg skjer mot slutten av boka. Er det Shibata sjølv som blir «fødd på ny», slik det blir forstått i det religiøse konseptet?
Kanskje lyg vi alle til oss sjølv frå tid til anna. Eller håpar og ønskjer noko så sterkt at vi trur på det. Shibata søkjer å dekkje eit behov for fellesskap og meining, i den einsame og kaotiske verda vi lever i. «Kanskje er det å stifte familie det same som å skape ein stad der ein ikkje blir gløymd»?, skriv Yagi, og eg håpar, ønskjer og trur (eller lyg til meg sjølv om?) at det ikkje er einaste moglegheit.






