Tenk for en jubel er ei vakker historie om kjærleik, venskap og om korleis ungdomstida påverkar ein gjennom heile livet.

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

Forfattar Mari Andreassen blæs med sin nye roman Tenk for en jubel liv i ein relativt oppbrukt tematikk i litteraturen. Romanen set fokus på tematikk som venskap, familie, kjærleik og det å vere ung frå eit nytt perspektiv.

Gløymd ungdomstid

Tenk for en jubel handlar om Petter, ein nyleg skilt mann på 45, med tenåringssonen Emil. Det er ikkje før den gamle læraren til Petter døyr, at han begynner å hugse på minne frå ei ungdomstid som delvis var gløymd. Ei ungdomstid prega av ungdomssprell og ung kjærleik.

Tenk for en jubel

Forfattar: Mari Andreassen

Forlag: Cappelen Damm

Sjanger: Samtidsroman om oppvekst

Sider: 236

 

Når Petter begynner å sjå den unge versjonen av seg sjølv i sonen Emil, begynner han å lengte tilbake til ein ungdomskjærleik som aldri fekk heilt den slutten han skulle ynskt.

Men det er kanskje ikkje for seint for kjærleiken? For det kan vel tenkast at ungdomskjærasten møter opp i gravferda til den gamle læraren?

Tankevekkjande

Ein hovudperson som står midt i livet, og som lengtar tilbake til ei tid og ein kjærleik som ein gong var, er ikkje akkurat noko ein finn lite av i dagens skjønnlitteratur. Samstundes er det ikkje så mange romanar som tek for seg perspektivet til ein mann i denne situasjonen. Dette bidreg til å gjere Tenk for en jubel meir eigen, trass i ein noko oppbrukt tematikk.

Innblikket i kjenslene, tankane og opplevinga av kjærleiken frå hovudpersonen sitt synspunkt, er svært interessant, og får lesaren til å verkeleg tenkje og reflektere rundt situasjonen han er i.

quote-left

«Han visste ingenting om å være ungdom da han sjøl var ungdom, og han visste ingenting om å være ungdom i dag»

quote-right

At det å vere ung ikkje er lett, samstundes som at det heller ikkje er lett å bli gamal, er noko som går igjen i Tenk for en jubel. At hovudpersonens indre blir brukt for å formidle dette, gjer at det i mindre grad går føre seg mykje ytre handling. Innblikket i hovudpersonens minne skaper store delar av handlinga i romanen, noko som gir rom for lesaren til å reflektere rundt tematikken.

Samstundes kan dette bidra til at tematikken i Tenk for en jubel blir mindre tilgjengeleg for den mindre erfarne lesaren. Der bruken av indre handling skapar ei svært god forteljing, kan mangelen på ei meir spennande ytre handling gjere boka noko kjedeleg om ein ikkje tek seg tid til å setje seg ned og lese boka ordentleg, for å forstå. Tenk for en jubel er alt anna enn berre ein underhaldningsroman. Han skal verkeleg få deg som lesar til å tenkje.

Kreativt språk

Også språket i romanen er eit viktig aspekt å trekke fram når det kjem til korleis romanen får lesaren til å verkeleg måtte tenke for å forstå.

Med eit svært kreativt språk blir bokas kvalitet trekt enda meir opp, og vil gjere også den mest språkinteresserte lesar fornøgd. Med varierande skriftstørrelse, enormt kreative overgangar og gode litterære verkemiddel, får Tenk for en jubel ein svært god driv, noko som gjer romanen vanskeleg å legge frå seg.

Tenk for en jubel er ei vakker historie om kjærleik, venskap og om korleis ungdomstida påverkar ein gjennom heile livet. Det å vere ung er vanskeleg, men det er kanskje enda vanskelegare å bli eldre?

Med eit svært godt språk og gode skildringar er dette verkeleg ein roman som får ein til å tenkje, og som appeller til erfarne romanlesarar. Men det gjeld å halde tunga beint i munnen for å henge med på bokas handling.