Natur og Ungdom skuffa over SV si Melkøya-vending: – Sviktar
– SV sviktar i den beste moglegheita til å stansa elektrifiseringa av Melkøya, meiner Natur og Ungdom.
I dag skal Stortinget samlast og votera over eit forslag frå Raudt om å gje andre aktørar i Finnmark tilgang til 350 megawatt straum, som var reservert til Equinor sitt anlegg på Melkøya i Finnmark.
I innstillinga frå energikomiteen hadde forslaget fleirtal med stemmene frå Raudt, SV, Senterpartiet, MDG, KrF og Frp, ifølgje NTB.
Energiministeren: – Merkeleg
Energiminister Terje Aasland (Ap) har åtvara Stortinget om at forslaget som skal stemmast over ikkje er lovleg.
– Stortinget ber jo på ein måte regjeringa om å ta lovleg tildelt kraft frå nokon og gje det til andre. Det vil vera veldig merkeleg, seier han til nyheitsbyrået.
Frp har allereie trekt støtta til forslaget, og i går varsla SV at dei ville gjera det same.
– Problemet med forslaget som har vore på bordet til no, er at dei ikkje stansar eit einaste vindkraftverk. Dessutan risikerer me at det blir bygd ut gasskraft, som vil auka utsleppa og ikkje kutta dei. Det kan ikkje me støtta, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken til NTB.
Natur og Ungdom: – Skuffa
Natur og Ungdom har tidlegare aksjonert mot utbygging av 420kV- linja mellom Skaidi og Hammerfest og er «enormt skuffa» over SV.
– SV sviktar naturen og folket i nord, seier NU-leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i ei pressemelding sendt ut dagen før røystinga.
Organisasjonen meiner partiet ikkje høyrer på stemmene frå dei største natur- og miljøorganisasjonane, i tillegg til sterke stemmer frå fleire samiske organisasjonar.
– Å oppretthalde elektrifiseringa, som vil føra til auka vindkraftutbygging i Finnmark, det er eit uomtvisteleg faktum. SV sviktar i den beste moglegheita til å stansa elektrifiseringa av Melkøya. Me forventar at dei tek til fornuft innan i morgon.







