Finsk toppolitikar: – Europa må vera budd på å handla åleine

Olga Oinas-Panuma (26) meiner Noreg kan læra mykje om beredskap frå Finland.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.

– Europa må vera i stand til å verna om interessene sine når Russland fører ein krig og USA ser ut til å vera transaksjonell og uføreseieleg, skriv Olga Oinas-Panuma på engelsk i ein e-post til Framtida.no.

26-åringen er valt inn i den finske riksdagen (parlamentet) for Senterpartiet i Finland, som til liks med norske Senterpartiet er eit parti med røter i landbruket. Partiet sit i opposisjon og har tidlegare vore motstandar av finsk Nato-medlemskap, men snudde etter Russland invaderte Ukraina.

Framtida.no har teke kontakt med Oinas-Panuma for å høyra korleis verdssituasjonen i dag ser ut frå ståstaden til våre naboar i aust.

Beherska i møte med Trump

Nyleg var verdsleiarar og næringsliv samla i Davos i Sveits. Finlands statsminister Alexander Stubb svara direkte på spørsmålet «Kan Europa forsvara seg sjølv?»

– Svaret mitt er utan tvil ja, svara Stubb i ein paneldebatt i Davos.

Alexander Stubb har blitt omtala som ein Trump-kviskrar, noko han avviser. Oinas-Panuma omtalar statsministeren sin utanrikspolitikk som verdibasert realisme.

– Han opptrer beherska, roleg og strategisk i møte med Donald Trump og Trumps truslar om toll. President Stubb unngår offentleg kritikk av Trump, som kan vera kontraproduktivt, skriv den finske politikaren.

Ho viser til at Stubb har vore tydeleg om landets støtte til Danmark og Grønlands territorielle integritet, og at kontoret hans har gjort det tydeleg at dei er på linje med Noreg og Sverige i å ikkje delta i Trumps omdiskuterte fredsråd.

– Eg meiner Finland må vera veldig tydeleg i støtta si til multilaterale institusjonar og FN som ein nøkkelaktør i global fred og tryggleik, understrekar ho.

Akuttsituasjon

– Den mest akutte utanrikspolitiske situasjonen er korleis den regelbaserte verdsordenen og respekten for internasjonal lov og territorial suverenitet overlever i ei tid med stormaktspolitikk, meiner Oinas-Panuma.

Den finske parlamentsmedlemmen er tydeleg på at europeiske Nato-medlemmar må auka forsvarsbudsjetta sine til minst 5 prosent av BNP innan 2035, som landa vart einige om i Haag-erklæringa i fjor. 

Finland har vore medlem av EU sidan 1995. Oinas-Panuma meiner det er viktig å oppretthalda og forsvara dei felles europeiske verdiane og samhaldet.

Riksdagspolitikar i Finland Olga Oinas-Panuma (26) meiner forsvar er viktig. | Foto: Martta Oinas-Panuma

– Likevel må me vera førebudde på uventa endringar i internasjonale forhold, og Europa må auka si eiga forsvarsevne. Dette betyr meir pengar til forsvar, investeringar i europeisk forsvarsindustri, felles innkjøp og fleire troppar, skriv ho, og understrekar:

– Europa må vera budd på å handla åleine medan me held USA nært der me har samanfattande interesser.

Styrka forsvar

Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, søkte Finland medlemskap i Nato, og våren 2023 vart naboane våre det 31. medlemslandet i forsvarsalliansen.

Trass i usikkerheita kring USA uttala Finlands president Aleksander Stubb i Davos at Nato er i ferd med å styrka seg.

– Me har den største militærstyrken med arktisk ferdigheiter i alliansen. Me har éin million personar – menn og kvinner – som har hatt si militære trening under arktiske forhold, sa Stubb.

Han peikar på at Nato har styrkt grensa mot Russland etter at Sverige og Finland vart medlemmar.

Der mange andre land har brukt mindre på forsvar dei siste åra, har Finland hatt eit jamt fokus på både forsvar og beredskap. Den finske presidenten peikar på at landet kan mobilisera 280 000 soldatar på få veker og nyleg har kjøpt inn fleire kampfly.

Finlands president Alexander Stubb fotografert i Davos. | Foto: Emmi Syrjäniemi/ Den finske presidenten sitt kontor

Seinast 1. januar i år tredde ei lovendring i kraft som aukar aldersgrensa for reservistar utan nokon høgare grad frå 50 til 65 år. Reservistar er personar som til dagleg jobbar i det sivile samfunnet utanfor forsvaret, men som har fått militær opptrening og kan verta kalla inn til teneste om det er behov for dei.

– Om du spør meg om det finske militæret kan forsvara seg mot eit russisk åtak, heile militærets tilstand og måten du gjer det på: Ja det kan me, slo Stubb fast.

Handlingsplan for unge

Finland er eit føregangsland når det kjem til å involvera unge i arbeidet med fred og tryggleik og lanserte på tampen av fjoråret sin andre handlingsplan for ungdom, fred og tryggleik, som strekker seg over perioden 2025–2028.

Finland er eitt av få land i verda som har lansert ein eigen handlingsplan for ungdom, fred og tryggleiksarbeid. Foto: Den finske regjeringa

Ifølgje utanriksminister Elina Valtonen byggjer dette tillit og forståing mellom generasjonar og styrkar unge sin tillit til samfunnsstrukturar og samfunnskapasitet.

– Og viktigast av alt: Me får nye perspektiv og løysingar på aktuelle problemstillingar, sa ho i ei pressemelding frå regjeringa.

– Pragmatisk bekymring

Olga Oinas-Panuma har ikkje sjølv gjennomført verneplikta, som er obligatorisk for finske menn og frivillig for kvinner. Ho har heller ikkje registrert ei auka uro blant unge finnar for at Russland skal gå til åtak.

– Det er ei besluttsomheit om å handla om det er behov og pragmatisk bekymring, men det er ikkje så mange som uroar seg, meiner ho.

– Trur du Finland kan forsvara seg mot eit hypotetisk russisk åtak?

– Ja, absolutt, sjølv om me må unngå ein slik situasjon på alle moglege måtar. Finland har ein stor, trent reservestyrke, høg vilje til å forsvara landet, territorialforsvar-doktrine, evner på høgt nivå og ei heilskapleg tilnærming til forsvar i samfunnet.

– Kan Noreg læra noko frå Finland i den noverande situasjonen?

– Nordisk og arktisk samarbeid er no viktigare enn nokon gong før. Me har felles utfordringar og moglegheiter og kan læra mykje av kvarandre. Eg meiner allierte kan læra mykje av finsk heilskapleg samfunnstilnærming som kombinerer militære og sivile handlingar for å forsvara landet. Finland har ei realistisk tilnærming til Russland, er roleg når det kjem til USA, seriøse når det kjem til nasjonalt forsvar og verdset allierte.