Etterlyser ny klespolitikk: – Du må leite aktivt for å finne klede utan plast
Kleda vi kjøper inneheld meir og meir plast. Framtiden i våre hender åtvarar mot grønvasking og ber politikarane ta ansvar.
I 2024 importerte klesbransjen i snitt 19,3 kilo tekstilar per nordmann. Desse kleda slepper kontinuerleg frå seg mikroplast – under produksjon, i vaskemaskina og medan vi brukar dei.
– Mikroplast frå klede er funne i alle delar av kroppen, og mykje tyder på at det kan ha skadelege verknader. Det mest alvorlege er at vi slepper laus stoff vi enno ikkje veit heilt konsekvensane av, seier leiar i organisasjonen Framtiden i våre hender, Tale Hungnes til Nynorsk pressekontor.
Grønvasking forkledd som løysing
Ifølgje Framtiden i våre hender blir forbrukarar i stor grad villeidde av grøne merkeord og omgrep som «resirkulert polyester».
– Dette er i praksis grønvasking. Nesten all «resirkulert polyester» kjem frå plastflasker, ikkje gamle klede. Ein tek plast ut av eitt kretsløp og inn i eit anna som er meir energikrevjande og som ikkje kan resirkulerast vidare, forklarar Hungnes.
Ho meiner dette legitimerer ein enorm overproduksjon av klede.
– Det gjer det mogleg å halde fram med fast fashion i høgt tempo. Verda blir overfløymt av klede vi eigentleg ikkje treng, og det underbyggjer ein bruk-og-kast-kultur som ikkje er berekraftig.
«Fast fashion» er eit omgrep som handlar om at klede blir produsert billig og raskt i store mengder for å møte motetrendane, til dømes hos kleskjedene H&M, Bik Bok og Gina Tricot. Kvaliteten er ofte låg og kleda har kort levetid, noko som fører til overforbruk.
Manglande kontroll hos kleskjedene
I ein ny rapport har Framtiden i våre hender kartlagt bruken av syntetiske tekstilar hos fleire store norske kleskjeder. Resultata viser store hol i både kunnskap og ansvar.
Over 60 prosent av tekstilane som blir produserte globalt, er laga av plastfiber. Desse kjem igjen frå same stad som plastposen: frå olje og gass.
Hungnes meiner kleskjedene manglar kontroll på eigen verdikjede, og at profitt blir prioritert framfor miljø og helse.
– Mange av kleda som blir selde i dag, har så låg kvalitet at dei er vanskelege å reparere eller bruke vidare. Innsamlingar til gode føremål blir overfløymde av plagg som går rett i bosset. Det viser at systemet ikkje fungerer, seier ho.
Lokal motkraft
Midt i plastflaumen finst det likevel lokale alternativ. Hos bruktbutikken Poden & Boden i Sogndal ser dei konsekvensane av klesindustrien heilt tett på.
– Me får inn mykje klede frå fast fashion-kjeder, meir enn ein skulle ønskje, seier Lise Nødland Hølland, dagleg leiar ved Poden & Boden, til Nynorsk pressekontor.
Butikken er bevisst på kvalitet og materialval. Dei tek ikkje imot klede frå ultra fast fashion-aktørar som Temu og Shein og har eigne stativ med naturfiber som ull og lin.
– Men då blir du også sjokkert over kor mykje polyester det faktisk er der ute. Du må leite aktivt for å finne klede utan plast, seier ho.
Etterlyser politiske grep
Fremtiden i våre hender etterlyser no ein ansvarleg klespolitikk, med avgift på nye tekstilar som kan finansiere momskutt og støtte til bruktsal og reparasjon, ei merkeordning for tekstilar med plast og eit strengare produsentansvar.
– Med rett politikk kan fast fashion gå frå å vere eit enormt miljøproblem til å bli eit grønt lokomotiv, seier Hungnes.
Krava får støtte frå Grøn Ungdom, ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne, som meiner manglande oversikt over plast i tekstilar er eit alvorleg problem.
– I dag har me for lite kontroll på kor mykje plast det faktisk er i kleda, og kvar råvarene kjem frå, seier leiar i Grøn Ungdom Vestland, Jakob Sande Haugset.
Dei ønskjer meir openheit om plastinnhald og klimaavtrykk, fjerne moms på brukte klede og reparasjon, innføre ein rett til å få klede reparert og gi støtte til aktørar som driv med reparasjon.
– Elsk kleda du allereie har
Både miljøorganisasjonane og bruktbutikken er samde om eitt råd til folk flest:
– Dei mest berekraftige kleda er dei du allereie har i skapet. Ta vare på dei, reparer, byt med vener, kjøp brukt. Og når du må kjøpe nytt, sjå etter naturfiber og miljømerkte produkt, seier Hungnes.
I bruktbutikkane står klestativa klare. Spørsmålet er om me er klare for å bruke dei.









