Ichikawa skriv med eit usensurert og rått syn på seksualitet og begjær, skriv meldar Herman Søberg.

Herman August Søberg
Publisert

Saō Ichikawa debuterte med Hanchibakku i 2023, og etter ho vann Akutagawa-prisen, ein av dei mest anerkjende litteraturprisane i Japan, har romanen blitt oversett til fleire andre språk. I 2025 blei Pukkelrygg utgjeven på norsk, og det er soleklart ei prisverdig bok.

Pukkelrygga og ulukkeleg

Shaka Izawa er namnet på, som ho kallar seg sjølv, eit «funksjonsnedsett pukkelrygga misfoster». Og meir enn det er ho ikkje. Ikkje er ho menneske. Ikkje er ho ekte. Ho er berre … pukkelrygga, og ulukkeleg.

Fakta om boka:

Forfattar: Saō Ichikawa

Omsetjar: Ingvill Kjærstein

Sidetal: 92

Forlag: Aschehoug

Fyrste utgjeving i Japan: 2023

Utgjeven i Noreg: 2025

 

Og for Shaka, som det misforståtte misfosteret ho er, er den største draumen, kanskje til og med den einaste, å bli som ei heilt ordinær kvinne. Ei som du kan sjå på og ikkje tenkje noko meir over. Ei som kan gjere heilt vanlege ting.

Denne draumen om å bli ekte, gjer det ikkje vanskeleg for ho å trasse dei mest usømmelege grensene. 

Denne draumen gjer at ho lever eit liv gjennom fiksjonelle karakterar ho skriv erotiske noveller om.

For kva har vel ho å miste uansett?

Viktig og underkommunisert tema

Det er sjeldan eg les fiksjonelle tekster med ein funksjonsnedsett hovudperson. Det er verkeleg viktig å leggje vekt på mangfaldet som er denne verda me lever i. Funksjonshemma personar finst, og det er ei sanning som me bør setje meir i ljoset.

Shaka har draumar, ambisjonar, lyster, og skam. Eg trur at mange gløymer at folk er folk sjølv om dei kjem i forskjellige former og med forskjellige føresetnader. Me har alle det same inni oss, det som skrik og slår og lengtar etter anerkjenning og tilfredsstilling.

Ichikawa skriv med eit usensurert og rått syn på seksualitet og begjær, som bit seg fast i ei ekkel og, for nokre, skamfull sanning. Ei som alle som pustar, ber på.

Kunstnarisk

Eg har aldri lese ei bok som er så kunstnarisk som denne. Romanen utfordrar verkeleg den standardiserte forma på korleis ei bok skal skrivast.

Det fyrste me les, er ei erotisk novelle som Shaka har skrive til arbeidsgivaren sin. Etter dette skjer det mykje som ikkje passar inn med den fiksjonelle røynda som Shaka skapar novellene sine rundt.

Kontrasten mellom å gå på swingersklubb og å få hjelp til å dusje, er så stor. Kontrasten mellom lysta til å bli gravid og sanninga om at ho aldri kan bere eit barn, er så brutal.

I tillegg er det ei svært trist bok. Sjølv om mange sikkert vil synast at skrivestilen er useriøs og kanskje til og med ekkel, er det så dystre og bitre fargar gøymt inn i teksta.

«I mitt neste liv vil eg bli gjenfødd som luksusprostituert.»

Denne romanen er liksom eit kunstverk som må tolkast. Du får ikkje noko svar servert.

Kort, men djupt

Denne boka er om så mykje meir enn ho gjev seg ut for å vere. I tillegg er ho svært overkomeleg på berre 92 sider; 92 sider, men eit heilt hav av etterrefleksjonar.

Uansett om du ikkje er pukkelrygga eller funksjonsnedsett eller ulukkeleg på ein eller annan måte, bør du så absolutt lese denne boka. Trass alt handlar det om lysta til å få ting du ikkje kan ha, og kanskje aldri kan få. Det trur eg at alle kan kjenne seg igjen i på eitt eller anna vis.