Forfattaren og illustratøren sin store inspirasjon er Tove Jansson, og han meiner ein god teikneserie eller ei god bok må inspirere til eit betre og meir spennande liv.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg skulle ønske eg var Snusmumrikken, men eg er nok Mummitrollet. Nokre dagar Hemulen.

Det skriv Alexander Slotten på e-post når Framtida.no spør han om kva karakter han kjenner seg att i. Slotten er både forfattar og illustratør, og i fjor debuterte han med barneboka Ulvevinter. Seinare i år kjem oppfølgjaren Slimmonsteret.

Alexander Slotten

Alder: 34

Frå: Bergen

Utdanning: Master i illustrasjon frå KHiO

Yrke: Journalist, illustratør og forfattar

Slimonsteret kjem ut i slutten av mars. | Bokomslag: Cappelen Damm

Sjølv er han glad i bøker om filosofi og politikk, i tillegg til litt poesi og barnebøker med inspirerande illustrasjonar.

– Eg jobbar på dagtid som journalist i NRK og prøver å forstå dei tankane og tendensane som driv verda i dag på godt og vondt, skriv han.

Slotten meiner at forfattar Rutger Bregman er undervurdert og burde lesast av alle.

– Særleg Humankind. Eit optimistisk syn på menneske sin natur er undervurdert. Eg har lånt den boka bort til så mange.

På nattbordet har han Fabler och andre berättelser av Lev Tolstoj, illustrert av Jockum Nordström, Filosofi som poesi av Richard Rorty og Ursula K. Le Guin si omsetjing av Tao Te Ching av Lao Tzu.

Foto: Privat

– Eg les i sofakroken ved vindauget, i senga og på do.

Ungdomstid med Alan

I barndomstida las mora Roald Dahl på sengekanten, som gjorde inntrykk.

Heksene gav meg mareritt i mange veker.

I tillegg dikta bestefaren opp eventyr som han fortalde til barnebarnet.

V for Vendetta av Alan Moore var derimot den store tingen då Slotten kom inn i ungdomsåra.

– Eg las også mykje austleg filosofi og var veldig begeistra for Alan Watts. Så eg likte tydelegvis best forfattarar som heiter Alan.

Tove Jansson som største inspirasjon

I løpet av eit år les Slotten mellom 10 og 15 bøker.

– … og 1000 kilometer med skroll på mobilen.

– Kva meiner du gjer at ei bok eller ein teikneserie er god?

– At ho gir meg lyst til å leve eit betre eller meir spennande liv.

Han fortel at tittelen på barneboka hans, Ulvevinter, er ei slags hyllest til Tove Jansson sin Trollvinter.

– Ho er min største inspirasjon, og den boka er kanskje hennar beste. Sjølv om ikkje Snusmumrikken er med. Eg skulle gjerne ha skrive ho.

Alexander Slotten ser opp til Mummitrollet si mor. | Foto: Privat

Ein KI-generert Rolv Wesenlund

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Tove Jansson. Eller kanskje Lev Tolstoj på sine eldre dagar. Etter at han hadde hatt si eksistensielle krise og blitt anarkist.

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Kanskje viss eg seier Karl Ove Knausgård så får eg endeleg lese dei mange mursteinane hans eg har ståande. Det er vel einaste måten å få lese dei på.

– Kven skulle spelt hovudrolla i boka di dersom ho vart filmatisert?

– Ein KI-generert Rolv Wesenlund brakt tilbake frå dei døde.