Stella (12) ville prøvd å snakke fornuft med Trump
Den amerikanske presidenten er ein spesiell person, forklarar statsministeren på Manglerud skole.
Denne saka var opphaveleg skriven for Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.
– Det var veldig gøy! Eg var litt nervøs i starten, sidan eg fekk møte han først, så eg følte at pulsen gjekk veldig fort, fortel Sofie Høgstein Brenhol (12).
Saman med medelevane i klasse 7C på Manglerud skole, stilte ho spørsmål til Noregs statsminister, Jonas Gahr Støre (Ap).
– Det var veldig spanande, for vi visste ikkje heilt korleis vi skulle reagere, fortel Stella Feraco (12).
Trump og krig
Statsministerbesøket blir arrangert like etter ei veke med mykje spenning i verda, der Støre stod midt i sentrum for hendingane.
USAs president Donald Trump er misfornøgd med at han ikkje fekk Nobels fredspris i fjor, og skuldar på Noreg. Han sende ei melding til Støre der han skreiv at han difor ikkje lenger føler seg forplikta til å tenke utelukkande på fred.
På ein pressekonferanse utdjupa Trump at han hadde mista mykje respekt for Noreg.
Litt skummelt
Sofie har fått med seg uroa i verda gjennom sosiale medium.
– Eg synest det er litt skummelt. Noreg er jo god ven med USA, og når dei seier at dei har mista respekten for Noreg, då byrja eg å lure litt.
Ho lurte difor på om Støre er redd for Trump etter det han sa om Noreg.
Ein rar situasjon
Stella spør direkte: «Kva synest du om meldinga du fekk av Trump om Nobel-komitéen?»
Støre svarar at det var ein veldig rar situasjon. Han forklarar at det er ein komité med fem medlemmar som bestemmer kven som får fredsprisen. Men Trump har fått det for seg at det er noko Noreg og statsministeren bestemmer.
– Eg synest at det er litt pussig. Han fortset å ta det opp, og då fortset eg å svare at det er ikkje eg som bestemmer det, svarar Støre på spørsmålet til Stella, og legg til:
– Eg veit like lite om det som alle de gjer. Det har eg prøvd å seie til Trump, men det ser ikkje ut til at det sig heilt inn.
Trump er ein spesiell person
I tillegg vil den amerikanske presidenten ta over Grønland. Det er ei øy som i dag er ein del av Danmark, men som har sjølvstyre. Både Noreg og USA er med i ein forsvarsallianse som heiter Nato, som har lova å hjelpe kvarandre dersom eitt av landa blir angripe.
Støre trur ikkje at USA kjem til å angripe Grønland. Han fortel elevane at Trump no har sagt at han ikkje vil bruke militær makt for å ta over øya.
– Korleis er det eigentleg å forhalde seg til ein president som Trump? spør Framtida Junior.
– Trump er ein spesiell person. Han er grei å snakke med og lett å kome i kontakt med, men han har jo dette fokuset på at det er USA først, og då brukar dei ofte mindre tid på å høyre på andre. Då er det vår jobb å prøve å få auka merksemd for å høyre på oss også.
– Kjem Noreg til å bli strengare framover?
– Vi kjem til å vere tydelege, slår Støre fast.
Ville snakka fornuft med Trump
Dei to 12-åringane er nøgde med svara dei fekk frå statsministeren. Sofie sette pris på at han svarte dei ordentleg og vakse, og ikkje berre gav «tullesvar».
– Eg synest det var veldig lærerikt og fornuftig, legg Stella til.
– Viss de hadde vore statsminister og fekk møte Trump, kva hadde de sagt til han?
– Eg hadde spurt han kvifor han vil ta Grønland, sidan han har så mykje makt allereie, svarar Sofie.
– Eg ville kanskje prøvd å ha ein fornuftig samtale og prøve å styre han vekk frå å ta Grønland, seier Stella.
Ikkje teikn til krig mot Noreg
– Blir du redd når du ser nyheitene frå verda?
– Nei, men samtidig ja. For ein veit jo ikkje kva som kan skje, for Trump endrar fort meining, kan ein seie, svarar Stella.
Statsminister Støre skjønnar at folk kan bli urolege i tida vi lever i, med mellom anna krig i Ukraina og i Midtausten.
– Vi er vande til å tenke at vi kan stole på USA, og så kjem det også dårlege signal derfrå. Det skjønnar eg, men eg meiner vi ikkje ser teikn til krig mot Noreg i våre nære omgivnader, og at vi eigentleg er godt førebudde til å ta vare på vår eiga sikkerheit. Men vi må vere førebudde og sette oss i ein situasjon der det ikkje skjer, seier Støre til Framtida Junior.











