Sit fast i deg og slepp ikkje taket

BOKMELDING: – Aldri har eg lese noko vakrare og meir engasjerande enn dette.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terningkast seks

Boka «Mi briljante venninne» er skriven av den italienske forfattaren Elena Ferrante (pseudonym), og er fyrste bok i serien «Napoli-romanane». Han er 403 sider lang. Boka handlar om veninnene Elena og Lila som har vore veninner i ei æve, og når boka startar er Lila forsvunne utan eit hårstrå att. Boka tek for seg livet til Elena og Lila, og fortel om den fattige, men særs pulserande utkanten av Napoli kor dei veks opp, og temaet i boka tek for seg det å vekse opp og å finne seg sjølv.

LES OGSÅ: – Ungdom vil bli tatt for alvor

Dette fattige slumområdet er prega av brutalitet og vald. Omgjevnadane er skildra særs godt, og det kjennest som om du er der midt oppi alt av vald og vondskap. Historia handlar like mykje om området deira, som Elena og Lila si reise, og korleis livet deira utartar seg forskjellig. Det handlar også om korleis folk kjempar for å overleve i desse tøffe gatene, og korleis det også lærar jentene å stole berre på kvarandre.

For livet i Napolis utkant er utan tvil hardt, noko som skin igjennom hos båe av hovudpersonane, men på kvar sin måte. Lila giftar seg i ein alder av seksten år, medan Elena fortset med å studere. Det handlar om alle problema som oppstår undervegs, om kranglar og drama, om svik og hat, og vondt blod.

Boka er skriven skikkeleg engasjerande, og eg klarte lett å sluke dei 403 sidene. Det er absolutt ei bok verdt å anbefale, aldri har eg lese noko vakrare og meir engasjerande enn dette. «Mi briljante venninne» vil gjeve deg ein lesaroppleving som du kjem til å tenkje på lenge, og som kjem til å verte sitjande fast i deg og ikkje sleppe taket. Du kjem ikkje til å klare å vente til neste bok kjem ut, og det er sant som ein bokmeldar skreiv «du må lese alt av Elena Ferrante». Eg er heilhjarta einig, for dette er magi på høgaste plan. Skal du lese ei bok i år, les denne oppvekstromanen, det er tid investert som du ikkje vil angre på.

LES OGSÅ: – Håpet er at det skal veksa fram noko nytt

Faktaboks

Elena Ferrante:
«Mi briljante venninne»
Samlaget, 2015

Terningkast: 6