Tre timar i veka er Oslo skatehall sett av til kvinnelege skatarar. – Det er ein veldig gutedominert idrett, seier Maja Spatscheck.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Dette er verdas beste, hyggelegaste miljø. Alle hypar kvarandre opp.

Det seier Maria Kvilekval Olsen (23). Framtida møter henne og Maja Spatscheck (19) i Oslo skatehall ein måndag ettermiddag. Denne tidsbolken er det berre jenter som har tilgang til å skate i hallen.

– Mange synest det er skummelt med alle desse mennene. Eg trur absolutt at tilbodet er med på å auke interessa blant jenter, seier Olsen.

Spatscheck byrja å skate for seks-sju år sidan, i fotspora til broren hennar. Ho prøvde å få med seg nokre av venene sine, men det var ikkje så lett. Det gjorde ikkje så mykje. Ho møtte nye vener i skateparken.

– Det var flest gutar.

Olsen skata litt på barneskulen, og visste ikkje om andre jenter som delte interessa.

Ho plukka opp igjen hobbyen nokre år seinare, då nokre venninner spurde om ho ville vere med på jenteskate i Skien.

– Mange som var der, var mødrer som hadde born som skata. Det var eit veldig hyggeleg miljø.

Ifølge Spatscheck og Olsen var det ikkje var mange norske kvinnelege skatarar å sjå opp til då dei vaks opp. I det siste har det derimot vakse fram fleire norske grupper, til dømes Grlshred. Dei meiner det er veldig viktig med slike førebilete.

– Då eg vaks opp, visste eg om éi, og ho var kjempegod. Våre førebilete var gjerne kvarandre. Eg såg Instagram-kontoen til Maja, og vart inspirert av henne og dei andre osloskatarane, fortel Olsen.

Ho flytta til Oslo for å følge interessa.

– Eg hadde lyst til å bu i Oslo som har det beste skatemiljøet, seier ho.

Spatscheck og Olsen er einige om at skating byr på ei attraktiv meistringskjensle. Å klare å lande eit nytt triks, å auke vanskegraden. Ein går aldri tom for idéar, ein vert aldri utlært.

– Det er ein fridom i det. Du kan gjere kva du vil, seier Spatscheck.

Samstundes er det sosiale ein viktig del av idretten. Dei synest miljøet i hallen er veldig bra.

– Eg kan skate med ein mann som er over 50 år gammal éin dag, og så ein gut på fem år den neste. Det er verdas hyggelegaste miljø, seier Olsen.

Og sjølv om ein kan knive i konkurransar, heier alle på kvarandre, slår dei to fast.

– Det er ingen som vert fiendar fordi nokon er betre enn andre. Eg trur ikkje det finst i skatemiljøet, seier Olsen.

Stian Linnes, dagleg leiar i Oslo skatehall, skriv i ein e-post til Framtida at hallen har besøk av skatarar frå 8 til 45 år på jenteskate. På det meste har det vore stappfull hall med opp mot 50 deltakarar.

Olsen og Spatscheck synest det er bra med ei tid i skatehallen som er sett av til berre jenter og kvinner.

– Det er ein veldig gutedominert idrett. Det er nokre jenter som ikkje er komfortable med det i starten. Då eg var mindre, syntest eg sjølv det var nice å skate med andre jenter, seier Spatscheck.

Olsen legg til at det er høgt nivå blant skatarane i hallen.

– Nokre av verdas beste skatarar skatar her. Då er det godt å ha nokre timar med eit litt lågare trykk. Og det er nok litt lettare å komme inn dørstokken og starte, når ein veit ein kan komme hit med venninnene sine. Og så er det inspirerande å sjå nokon som liknar deg og ser ut som deg, som er hakket betre enn deg. Då blir du inspirert til å prøve sjølv, seier ho.

Det er berre 37 år sidan skating var forbode i Noreg. Skatarar har gjennom tidene vorte framstilte som sløve rebellar som taggar og brukar narkotika. Men har skating vorte mainstream?

– Det blir kanskje framstilt litt sånn framleis, seier Olsen.

– Og nokre stader er det sånn som det blir framstilt, poengterer Spatscheck.

– Men i hallen er det nulltoleranse for rus, og alle i miljøet er veldig respektfulle. Samstundes er det framleis eit miljø som består av outcastar. Veldig mange av dei som hamnar på utsida av samfunnet, er framleis skatarar, seier Olsen.

– Skatemiljøet tar imot alle, uansett kven du er og kor du kjem frå, understrekar ho.

I Oslo skatehall møter vi også Mariana Loy (31). Ho er opphavleg frå Mexico, men bur no i Noreg. Loy er tilsett i hallen og er ein aktiv skatar på fritida. I fjor skreiv ho ei masteroppgåve i produktdesign kor ho drøftar den sosiale påverknadskrafta til ein skatehall.

Loy fortel at ho vart introdusert til skateboarding av broren då ho var åtte år gammal. Ho lærte sitt første triks på éin dag.

– Eg følte at eg fann ein stad å høyre til. Samstundes følte eg meg åleine, for det var ingen andre jenter i skateparken i det heile. I tillegg var eg den yngste.

Foreldra hennar støtta hobbyen og kjøpte det første brettet hennar.

– Så vart den einaste skateparken i byen min stengd, og skating forsvann frå livet mitt, seier ho.

Loy fortel at ho opplevde mykje stigma rundt det å vere ei jente som skata.

– Det var bittersøtt. Skating gjorde meg så glad, men samstundes kjente eg meg fanga og frustrert. Kvifor måtte jenter gå kledd i rosa? Kvifor kunne eg ikkje kjøpe ei blå skjorte med skateboard på? Eg var lei meg for at eg ikkje hadde nokon å dele det med. Eg følte at eg måtte forlate ein draum.

I masteroppgåva si slår Loy fast at skating for henne handlar om identitet og tilhøyrsle. Då ho fann tilbake til hobbyen som 23-åring, var det som å finne tilbake til seg sjølv.

Ho meiner at skatemiljøet trekker til seg likesinna folk.

– I skatemiljøet vitsar vi med at skatarar er weirdos, sjølv Tony Hawk og proffane. Men det er det som gjer oss til eit så godt miljø – alle er velkomne og interesserte i å bli kjente med kvarandre. Overalt kor eg har vore i verda, har eg kjent meg heime i skateparken, seier ho.

Og det var nettopp i skatemiljøet Loy fann seg til rette då ho kom til Noreg. Etter berre nokre veker hadde ho fått seg gode vener, og tre månader seinare fekk ho jobb i Oslo skatehall.

– Eg kjem frå den andre sida av verda, og straks merkar eg korleis skating kan vere ein arena for kulturell utveksling og tilhøyrsle. Folk går dit og uttrykker seg sjølve, seier ho.

– Kor viktig vil du seie at gruppa og miljøet er for skating?

– 80 prosent. Du kan alltids gå åleine og skate, men det er ingenting som kan samanliknast med å vere der med crewet ditt. Det er berre mykje gøyare å snakke med venene sine, å lære gjennom dei. Det handlar mykje om livsstilen. Det vert ein liten familie, seier ho.

Loy er veldig positiv til at Oslo skatepark set av ein tidsbolk i veka til jenteskating. I masteroppgåva si trekker ho fram kor stor tyding det kan ha.

– Det handlar om å tilby eit trygt miljø for jenter som anten startar opp eller berre treng ein stad å utvikle seg. Ein kan sleppe å kjenne seg skremt. Det tyder ikkje at folk er slemme eller at gutar og menn prøver å skremme oss, men det skjer. Nivået, farta og intensiteten til nokre av skatarane er veldig kraftfull. Då kan det vere meir komfortabelt – også for foreldre – at det er ein eigen tidsbolk til jenteskate, seier ho.

Ho understrekar at intensjonen ikkje er å segregere skatarane eller seie at jenter berre bør skate med jenter, men å prøve å balansere vekta.

– Det handlar ikkje om å rekruttere jenter, men å legge til rette for at fleire folk – om dei er interesserte – kan delta. Det handlar ikkje om kvantitet, men om moglegheit. At alle, uavhengig av alder eller kjønn, føler at dei har høve til å delta. Eg skulle ønske eg hadde den moglegheita då eg var lita, avsluttar ho.