– Utan styret mitt er eg som Jack Sparrow, ein kaptein utan båt og mannskap, skriv den nye leiaren av Noereh.

Birgitte Vågnes Bakken/Åshild Slåen
Publisert

– Eg vart fødd politisk, eksistensen min er politisk. Dette er mi samiske verneplikt.

Det skriv Juhán Nikolaus Wuolab Wollberg (26) på e-post til Framtida.no. Han er nyleg vald som leiar av den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh.

26-åringen er nøgd med laget han får med seg i sentralstyret, som han meiner representerer unge samar godt.

Fakta

Alder: 26 år

Personleg pronomen: Han på norsk, son på nordsamisk

Frå: Likšu og Ballangen

Yrke/utdanning: Fagbrev i reindrift, men studerer bachelor i biologi på Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT).

Favorittfag på skulen: Språkfag

Ulike verv: Nestleiar i Samisk studentforening i Nord-Norge (SSDN) ved UiT

Medlem i: Sáminuorra, SSDN, Noereh, Liksjuon Sámien Siäbrrie/Lycksele Sameförening

 

– Eg vil vere ein støttespelar som løftar opp kollegaene mine. Utan styret mitt er eg som Jack Sparrow, ein kaptein utan båt og mannskap. Altså eit ganske trist syn.

Foto: Niila-Juhán Valkeapää

Må bli inviterte til bordet

Som Noereh-leiar vil Wollberg fremje samiske unge sine stemmer og interesser.

Dei tre viktigaste sakene for ungdomsorganisasjonen i 2026, er at samars menneskerettar skal respekterast, å støtte dei lokale laga til organisasjonen, og å vere ein møteplass for samisk ungdom i og utanfor Sápmi.

Hjartesaka hans er at samiske ungdommars stemmer ikkje berre må bli høyrde, dei unge må bli lytta til og inviterte til bordet der avgjerdstakarane sit.

– Og viss vi ikkje blir inviterte, då veit jo Oslo svært godt kva som kan skje, seier han, og viser til Fosen-demonstrasjonane.

Samisk feminisme med gurpi

Om Wollberg hadde vakna opp i morgon til draumenyheita si, hadde overskrifta vore denne: «Fovsen-Njaarke-vindmøllene blir rivne og Riehpovuotna-gruva stengd!»

Han meiner vi må slutte å «synast synd på dei rike som tener tilbake pengane dei har investert i å bryte menneskerettane til urfolk».

Den samiske aktivisten og politikaren Elsa Laula Renberg. Foto: Ukjent – Saemien Sijtes fotoarkiv, Wikimedia Commons, offentleg eigedom

Førebileta til 26-åringen er svensk-samiske Sara-Elvira Kuhmunen, som er leiar av Sáminuorra og finsk-samiske Petra Laiti, som tidlegare var leiar for Suoma Sámi Nuorar (SSN).

Om han kunne invitert ein valfri gjest på middag, hadde selskapet bestått av dei samiske pionerane Elsa Laula Renberg (1887-1931) eller Karin Stenberg (1884-1969), for å drøfte idéar om samisk feminisme og organisering.

– Eg ville ha servert dei gurpi, ein liten samisk mat-modernitet.

Matlaging og oppvask

På fritida likar Noereh-leiaren å lage mat, eksperimentere med smakar og høyre på musikk. Elles trenar han litt «i ny og ne».

Foto: Privat

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Oppvasken etter matlaging.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg held meg oppdatert gjennom vennane mine. Elles skrollar eg på TikTok, Instagram og NRK for å få med meg nyheiter.

 


Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

– Fire Song av Adam Garnet Jones. Ho skjer i eit reservat i Nord-Amerika.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Dark Winds på Netflix.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Telephone – Lady Gaga (feat. Beyoncé)

Om Wollberg skulle valt heilt sjølv, blir det hestetur til Kirgisistan over både hyttetur og New York.