Barnebarnet til Martin Luther King Jr. åtvarar mot demokratiutviklinga i USA
I desember møtte Yolanda Renee King (17) norske ungdomsorganisasjonar. – Dessverre går det stadig dårlegare med demokratiet i mitt land, uttala ho.
– Du må aldri høyra på dei som seier at du er for ung til å engasjera deg, seier Yolanda Renee King (17) til NRK.
Ho vitja i Oslo i desember i fjor i samband med utdelinga av Nobels fredspris.
Kjempar for våpenkontroll
17-åringen er det einaste barnebarnet til borgarrettsaktivisten Martin Luther King Jr, som i 1964 fekk Nobels fredspris for sin ikkje-valdelege kamp for borgarrettane til svarte amerikanarar.
Yolanda Renee King har mellom anna engasjert seg for strengare våpenkontroll i heimlandet i kjølvatnet av fleire dødelege skuleskytingar og massedrap.
Ho var berre 9 år då ho i 2018 talte for heile USA i samband med våpendemonstrasjonen March for Our Lives.
«Realize the dream»
I dag driv Yolanda Renee King organisasjonen «Realize the dream», saman med foreldra sine.
Då ho vitja Oslo i desember møtte ho representantar for norske ungdomsorganisasjonar, og oppmoda dei til å kjempa for saka si.
– Dessverre går det stadig dårlegare med demokratiet i mitt land, sa Yolanda Renee King til NRK.






