Bokmelding: Lebensborn – Ei etterlengta forenkling
I Lebensborn teiknar Isabelle Maroger seg fram til eit skjult kapittel i slektshistoria hennar. Og eg lærer noko nytt om Noreg, krigen og Hurdal.
Isabelle veks opp i Frankrike på nittitalet og sit på skulebenken fyrste gong ho høyrer om «Lebensborn»-heimane.
Under krigen vart dei av nazistane kalla fødestover, men dei fungerte som institusjonar med mål om å vidareføre den «ariske rasen». Dit blei kvinner som fekk born med tyske soldatar sendt. Dei fanst i fleire europeiske land, men dei fleste låg i Noreg.
Lebensborn
Forfattar og teiknar: Isabelle Maroger
Først utgjeve: 2024, Bayard Editions, Montrouge
Utgjeve i Noreg: 2025, Omnipax forlag – ein del av Forente Forlag AS
Omsett til norsk av: Thomas Lundbo
Sjanger: Teikneserie
Isabelle si mor var adoptert frå Noreg og fødd i 1944, og no lurer Isabelle på om desse tinga kan ha ein samanheng. Kan hennar eiga bestemor ha vore ei «tyskartøs»? Det er ingen familiar som ikkje har hemmelegheiter. Men det finst alltid nokon som veit.
Saman legg ho og mora ut på ei reise for å oppklare historia.
Forenkla og overflødig?
Rammeforteljinga i notid forklarar kvifor historia er aktuell. Isabelle får, så seint som i 2014 og 2016, rasistiske kommentarar som fyrar ho opp og som blir til teikningar. Mora ville òg kalle boka noko anna enn Lebensborn. Ho er redd det blir for direkte og stygt.
Teikningane gjer den tunge historia lettare. Eg kvir meg vanlegvis for å lese om krigen, men her var det enklare. Det er ei etterlengta forenkling av ei forteljing om identitet, skam, krig, flukt og sorg.
Teikningane gjer samstundes historia meir handfast enn den kunne blitt med berre ord.
Lebensborn-heimane
- Mellom 28 og 34 i Europa frå 1944–1948
- Rundt 15 000 born blei fødd
- Både fødeheim og internatskular for foreldrelause og stolne born.
- Betyr «Livskjelder»
Kjelde: «Lebensborn»
Vi hoppar mykje i tid, men fargane blir ein hjelp i det som elles er noko forvirrande. I gamle dagar er teikningane i svart-kvitt. I nyare tid kjem fargane.
Det er nesten som Isabelle forklarar så mykje med ord at teikningane blir overflødige. Eg saknar difor at fleire detaljar er gøymd i teikningane.
Ansikt til ansikt
Isabelle tek verken seg sjølv eller andre så høgtidleg. Teikningane og orda er usjenerte, kvardagslege og upolerte. Bortsett frå Isabelle sjølv, er det nok bestemora – Gerda – vi blir best kjend med.
Eg er òg svak for ei forboden kjærleikshistorie. Norske Gerda og tyske Paul treff kvarandre i Oslo våren 1943. Når Gerda blir gravid flyttar ho frivillig til Lebensborn-heimen ved Hurdal Verk. Ho rømmer først når ho skjønar kva som føregår på den uvanlege plassen.
Forfattaren og teiknaren briljerer i alle menneskemøte. Alle avskjedar og gjensyn. Desse små og samstundes store augneblikka som vi dreg kjensel på. Dei enkle strekane seier meir enn nok.
Potensielt farleg
I Lebensborn får eg eit møte med ein del av norsk historie som var ukjend for meg. Framand og nært på same tid. Mot slutten av boka får vi eit meir tekstbasert og utdjupande innblikk i historia om Lebensborn som eg set pris på.
Kva er eit menneske verd? Eit born og ei mor? Ei kvinne? Verken forteljinga om Isabelle si familie eller «Lebensborn»-heimane er solskinshistorier. Det er noko av det vakre i boka. Det er heller ikkje så tydeleg kven som er skurken, forutan Hitler, Himmler og nazismen. Men enkeltpersonane blir haldne utanfor på eit vis. Ein skjønar at dei var menneske som vart offer for noko større enn seg sjølv.









