Grøn Ungdom-leiaren vil ikkje vere ein ungdomspartileiar som polariserer
Ho vil samle folk i kampen for ei leveleg og rettferdig framtid.
– Vi skal stå opp for dei prinsippa som er grunnen til at våre medlemmer engasjerer seg, nemleg at naturens tolegrenser må vere rammeverket for samfunnsutviklinga. Verken Grøn Ungdom eller MDG skal godta småpirk i budsjett, når systemendring og ekte handling er det som krevst for å trygt ta oss gjennom omstillinga til eit berekraftig samfunn.
Det skriv Henriette Sjursen-Eriksen (20) i ein e-post til Framtida.no. Ho er ny leiar av Grøn Ungdom, ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).
Henriette Sjursen-Eriksen
Alder: 20
Personleg pronomen: Ho/henne
Frå: Oslo
Yrke/utdanning: Er halvvegs i ein bachelor i statsvitskap.
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Ulike verv: Styremedlem i Nordre Aker MDG, tidlegare medlem i internasjonalt utval i Grøn Ungdom, tidlegare fylkesleiar i Oslo Grøn Ungdom.
Medlem i: Grøn Ungdom sidan 2020
Ungdomspartiet går inn i det nye året med desse tre sakene øvst på agendaen: Å få starta omstillinga ut av oljealderen, rettferdig og varig fred i Palestina og å verne meir natur.
Abort i Grunnlova
Den største sigeren under Grøn Ungdoms landsmøte, meiner Sjursen-Eriksen er at dei som Noregs første parti vedtok at retten til abort må inn i Grunnlova.
I dag er retten til abort lovfesta i abortlova i Noreg. Frankrike vedtok i 2024 som første land å grunnlovsfeste retten til abort.
– Over heile verda føregår det angrep på kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Noreg bør tydeleg vise at retten til abort ikkje er noko som kan endrast over natta, men er ein menneskerett. Difor bør retten til abort inn i Grunnlova, sa den nyvalde leiaren av Grøn Ungdom etter landsmøtet.

Henriette Sjursen-Eriksen på talarstolen under landsmøtet til ungdomspartiet. Foto: Grøn Ungdom
Hjartesakene til den nye leiaren, er klima, likestilling og solidaritet.
– Heilt sidan eg var liten har eg hatt eit enormt engasjement for menneske. Det å jobbe for at vi skal ta meir vare på kvarandre, hjelpe dei som slit og aldri gi opp kampen for rettferd for alle menneske, har bidratt til å forme kven eg er og kva eg står for den dag i dag.
Ikkje polariserande
Sjursen-Eriksen vil vere ein leiar som samlar menneske rundt kampen for ei leveleg og rettferdig framtid.
– Framfor å bli enda ein ungdomspartileiar som polariserer og drar politikken til ytterpunkta.

Henriette Sjursen-Eriksen (t.v.) i diskusjon med to andre GU-arar ved lunsjbordet då Framtida.no besøkte ungdomspartiets sommarleir. Foto: Åshild Slåen
20-åringen trekker fram MDG-politikar Lan Marie Berg som eit førebilete.
Om ho kunne invitert kven som helst, levande elle død på middag, vel Grøn Ungdom-leiaren Rosa Parks. På menyen hadde det stått blåskjel, som ho er svært glad i.
Ho har òg eit håp om å møte Greta Thunberg.

Greta Thunberg deltok på demonstrasjonar i Noreg tidlegare i år. Foto: Ingvild Eide Leirfall.
Fred i Palestina
For Sjursen-Eriksen, er idealsamfunnet eit samfunn som ikkje bruker fossile brensel, hjelper folk på tvers av landegrenser, og der ein ikkje treng bil for å kome seg rundt.
– Løysinga må først og fremst vere å løyse klimakrisa, ta i mot fleire flyktningar og satse på kollektivtransport.
Om ho hadde vakna opp i morgon til draumenyheita si, hadde det vore ei ordentleg og rettferdig tostatsløysing for det palestinske folk.
– Overskrifta kunne vore «Varig fred i Palestina!»
Politisk kvarter og reels
Grøn Ungdom-leiaren likar å starte dagen med Politisk kvarter på NRK, og les elles nettaviser for å halde seg oppdatert.
Fritida blir gjerne brukt til å lese bøker og å vere med vennar.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?
– TikTok og Instagram-reels.
– Kva bok burde alle lese?
– Heile Bienes Historie-serien til Maja Lunde. Det er ei utruleg gripande historie.

Bokomslag: Aschehoug
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg ser ikkje så utruleg mykje på seriar, men er veldig glad i Sex and the City.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Breakin’ dishes av Rihanna.







