Fem fantastiske filmar du kan strøyme gratis i jula

Framtida.no sine meldarar deler filmtips for jula.

Ola Birgitsønn Vik, Jenny Lund
Publisert

Det blir fleire og fleire strøymetenester å halde styr på.

Heldigvis har vi gode, norske alternativ med stort utval av filmar og seriar, som i tillegg er gratis! Filmoteket er biblioteka si eiga strøymeteneste.

I desember har dei ein adventskalender, der dei kjem med eit godt julefilmforslag, kvar dag fram til julaftan. NRK TV har også mykje flott å by på, frå kjende storfilmar til skjulte perler. Vi har valt ut fem filmar som vi håpar kan inspirere deg til å sjekke ut og bruke dei flotte tilboda.


Livet er vidunderlig (1946)

Kvar: Filmoteket

Nostalgi er ein hovudingrediens i julefeiringa, og på Filmoteket kan du sjå mange av dei gamle klassikarane. Dei har Charlie Chaplin, Alfred Hitchcock, og norske svart-kvitt-slagerar og Fjols til fjells. Sistnemnde har nok meir med påska å gjere enn jula, men snø er det i han uansett.

Ein film som definitivt handlar om jula er Livet er vidunderlig (It’s a Wonderful Life). George Bailey har måtta gi opp eigne draumar for å hjelpe dei rundt seg, noko som fører til at han vurderer sjølvmord på julaftan. Då grip ein engel inn og viser han korleis livet hadde vore om han aldri eksisterte, ein vri på Dickens si Ei juleforteljing.

Sjølv om eg har sett filmen mange gongar, visste eg ikkje at han ikkje var populær då han kom ut, før eg las det på Filmoteket. Publikum på 40-talet syntest at han var for deprimerande i juletida, så ikkje før han blei vist på TV på 70-talet kom han til sitt rette som den juleklassikaren han fortener å vere.

– Ola Birgitsønn Vik


Titina

Kvar: NRK TV

Då den norske polfararen Roald Amundsen gjorde sitt andre forsøk på å nå Nordpolen i 1926, var det med luftskipet «Norge». Med på ferda var den italienske ingeniøren Umberto Nobile, som teikna skipet. Forholdet mellom dei to var ikkje alltid det beste, men heldigvis hadde Nobile alltid ein god støttespelar: Hunden Titina, som er hovudpersonen i denne handteikna animasjonsfilmen. Ho vil helst vere heime og tyggje pølser i Italia, men blir i staden eit firbeint tilskot til oppdagingsferda.

Ok, eg strekker definisjonen av julefilm litt her, men med nydelege snødekte landskap og ein kjempesøt hund synest eg stemninga sit så godt at det skal vere greitt. Titina er søt og morosam, samstundes som det historiske innhaldet ikkje vert tona ned. Resultatet er både sjarmerande og sindig, og eit fullgodt filmforslag for ein førjulskveld.

– Jenny Lund


Ronja Røverdatter (1984)

Kvar: Filmoteket

Om du er glad i Astrid Lindgren, er Filmoteket den rette staden for deg. Der kan du sjå heile Pippi-serien, filmane om Emil og alt sprellet han finn på i Katthult, og mange fleire. Min personlege favoritt er Lotta frå Bråkmakergata; ho er sta som eit esel, gjer akkurat slik ho vil, stel syklar og lever livet sitt til det fulle. Mange av Lindgren sine filmar handlar om sommaridyll, anten det er i Villa Villekulla eller i Landet i det fjerne. Så om du er i humør for litt svensk nostalgi i jula, anbefaler eg Ronja Røverdatter.

Eg synest det er litt varierande kvalitet på dei meir fantasy-retta Lindgren-filmane. Mio, min Mio og Brødrene Løvehjerte er begge sjarmerande, men korkje av dei kan måle seg med bøkene dei er basert på. Her skil Ronja Røverdatter seg ut. Musikken, borga, kostyma, dei fæle villvettane; alt er med på å blåse liv i den fantastiske historia om familien du er fødd med, og den familien du vel deg. Og filmen har nok av snø i seg, så ein kan drøyme seg bort i ei kvit jul om det er litt grått der du bruker høgtida.

– Ola Birgitsønn Vik


Snøbarnas Juletime (2022)

Kvar: NRK TV

Familien min har eigentleg aldri vore så oppteken av TV og filmar i jula, men mor mi har alltid gjort eit unntak for Disney-kavalkaden som samlar fleire klipp og kortfilmar frå Disney under ei julebasert rammeforteljing.

Snøbarnas juletime slår meg som det nordiske svaret til denne klassikaren: Fleire kortfilmar sett inn i ein antologi, alle av dei frå nordiske animasjonsstudio.

Her finn ein kjente fjes som Mummitrollet, Solan og Ludvig, men også nye versjonar av forteljingar av H.C. Anderson og Astrid Lindgren. Som namnet tilseier, er det dei yngre sjåarane som er målgruppa her, men eg synest uansett at det er ein riktig fin liten time med animert julestemning. Kvar av kortfilmane har sitt eige, unike preg, med god variasjon i animasjonsstilane. Heile konseptet gjer meg glad, spesielt då mange av karakterane er mykje betre kjent i heimlanda sine. Søtare kulturutveksling skal ein leite lenge etter.

– Jenny Lund


Fortellingen om prinsesse Kaguya (2013)

Kvar: Filmoteket

Om du er som meg, kan det bli litt mykje jul i jula. Då kan hyggjeleg og varm animasjon frå Studio Ghibli vere løysninga. På filmoteket finn du alle dei mest kjende filmane deira. Hayao Miyazaki sine meisterverk er alle der, Chihiro og heksene, Min nabo Totoro, og min personlege favoritt, Nausicaä – prinsessen fra Vindens dal. Om du er kjend med Ghibli, er du mest sannsynleg kjend med Miyazaki sine filmar. Men han er ikkje den einaste som har regissert filmar for studioet.

Isao Takahata grunnla Ghibli samans med Miyazaki, og hans mest kjende film er nok Ildfluens grav. Dei andre filmane hans blir ofte overskygga av Miyazaki, sjølv om dei er akkurat like gode, men på ein litt anna måte.

Pom Poko (som deler namn med Noregs beste band) handlar om magiske vaskebjørn-hundar som går til krig mot menneske som øydelegg naturen. Only Yesterday – Dagen i går er ein roleg film om Takeo som besøker familien sin på landet.

Min favoritt er Fortellingen om prinsesse Kaguya. Filmen baserer seg på eit japansk folkeeventyr, der ein bonde finn ein jentunge i ein bambusstamme. Dei behandlar henne som ei prinsesse, og vi følgjer henne mens ho veks opp og får sjå korleis ho taklar livet på sin eigen måte. Filmen har ein heilt unik stil, inspirert av tradisjonell japansk kunst. Takahata fortel gjerne enkle historier som han forsterkar med slåande og effektiv animasjon, med mykje fokus på familie, som kan passe fint i juletida.

– Ola Birgitsønn Vik