Thea (22) og Marius (25) møttest gjennom felles engasjement – i dag er dei forlova

Stadig fleire nordmenn lever åleine og ser seg trøytte på datingappar. Kan frivillig engasjement redde kjærleiken?

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Frivilligheit i individualismens tid», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.

– Eg hugsar vi heldt hender og gjekk forbi ein medlem ein gong ved den gamle leilegheita mi. Då var vi jævla stressa.

Marius Sjølyst (25) er leiar i Press – Redd Barna Ungdom, og fann kjærleiken med Thea Emilie Maubach Vindenes (22) i 2022 då dei begge sat i sentralstyret i organisasjonen.

I dag er dei openlyst kjærastar og forlova, og dei trur det er avgjerande at dei møttest gjennom organisasjonslivet.

– Vi var eit veldig lite sentralstyre, så vi var veldig sosiale, seier Thea.

– No var det jo stort sett du og eg som var sosiale, kommenterer Marius.

Organisasjonslivet gav dei moglegheit til å bli kjent gjennom eit felles prosjekt begge brydde seg om.

– Den halvtimen, tre kvartera ein kan få når alle er trøytte og ein skal leggje seg på ei luftmadrass i eit kaldt klasserom, og berre kunne jasse og kunne ha det gøy der, er veldig viktig, både for organisasjonen, men også for å etablere eit skikkeleg forhold, seier Marius.

Korleis finne den rette?

Korleis skal ein eigentleg møte nokon i 2025? Har vi nok romantiske møtestadar, eller er den uendelege swipinga på mobilane våre nok?

Med eit hav av datingappar verkar det ikkje som om fleire blir kjærastar enn før. Tvert imot, i 2021 kunne NRK og SSB vise til 1,4 millionar menneske i Noreg utan fast følgje.

Skal vi tru medieoppslaga har 2025 òg vore året då nordmenn har sletta datingappane, og det har dukka opp nye konsept for folk som vil møtast. Det er vaffeljogg, singelarrangement rundt dart, skitur og til og med show der du kan «pitch a friend».

Thomas Engeset, mannen bak NRK-programmet Singelgåten er ein av dei som engasjerer seg for at folk burde møtast fysisk. Han meiner frivilligheita må vere ein av dei beste stadene å møte folk.

– Det er veldig mange single som pratar om at det er vanskeleg å kome i kontakt med menneske, og det å då kunne møtast ein stad der ein har same interesser, er ein veldig god stad å starte, seier Engeset på telefon til Framtida.no.

Kvifor folk synest datingmarknaden er vanskeleg, meiner han er samansett, men han trur noko kan kome av at sosiale medium er ein stor del av korleis vi viser kvarandre kven vi er.

– Vi har lyst til å presentere oss sjølv veldig perfekt, og er det noko ingen er, så er det perfekt.

Samstundes er han veldig for at folk skal legge litt innsats i å få seg kjærast. Då Engeset arrangerte Singelfestivalen på Hadeland i 2022, sende han ut ei spørjeundersøking til dei 2000 deltakarane.

Han fortel at når vart spurt kor mykje dei hadde lyst på ein kjærast, på ein skala frå éin til ti, svarte dei åtte i snitt. Når dei vart spurt om kor mykje innsats dei la inn i å få seg kjærast, svarte dei to og ein halv.

Om innsatsen går opp, kan det bli lettare å få seg kjærast, og han meiner det ikkje skal så mykje til. Ein felles aktivitet, som i frivilligheita, kan vere ein god plass å starte.

– Eg vil jo seie at menneske som brukar fritida si på andre menneske, det seier mykje om dei. I tillegg til at du har noko felles som du kan kjenne på. Du har eit felles prosjekt frå start.

Framtida.no har prata med tre par som har møtt kvarandre gjennom frivilligheita og organisasjonslivet, for å høyre om det er løysinga for dei som søker kjærleiken.

Korps-krangel og -romanse

– Ingen av oss er typen som trur på universet, men vi trong litt at universet tvang oss saman, seier Linus Borgund (19) frå Bergen på videosamtale med Framtida.no.

Ved sidan av han sit kjærasten Renate Vedaa (18).

Dei to har teke seg tid i den hektiske korpskvardagen like før jul for å prate om kjærleik. Begge to spelar kornett, og vart betre kjent med kvarandre då skulekorpsa deira vart slått saman til Bergen Nord Skolebrass under korona.

– I starten likte vi ikkje kvarandre i det heile tatt. Det var litt krise at vi sat ved sidan av kvarandre, faktisk, minnast Renate.

Trass i ein vanskeleg start, vart dei gode venar, og etter kvart kjærastar, med tallause timar ved sidan av kvarandre på øving, og trivelege korpsturar der dei kunne le saman og skvære opp.

– Vi har fått vår del av beskjedar om å vere stille, for vi snakkar for mykje på øving, for å seie det på den måten, smiler Linus og ser bort på kjærasten.

Tinder-skam

Du har sikkert sett eller høyrt Audun Hammer Hovda (26) frå Sosialistisk Ungdom under valkampen i år. Han er leiar i ungdomspartiet, og møtte kjærasten Mali Regine Hegerberg Børset (24) der.

Dei vart etter kvart betre kjend gjennom engasjementet sitt i Natur og Ungdom, der Mali var sentralstyremedlem frå 2022 til 2024.

Starten av forholdet fekk likevel digital hjelp.

– Det var Tinder, medgjev Audun når Framtida.no møter paret på Sagene, der dei no bur saman.

– Det er litt vondt å seie det, litt skambelagt, ler Mali.

Dating og sosial ulydnad

Då dei dukka opp i feeden til kvarandre, var terskelen lågare for å swipe på ein person dei allereie kjente til.

Engasjementet var både ei felles interesse, men òg delvis eit hinder for forholdet.

– Det var ein avtalt date som ikkje vart noko av, fordi eg pendla til og frå Førdefjorden og var litt for oppteken av å lenke meg fast i gravemaskinar, smiler Mali.

Då Audun tok seg ei pause frå SU i 2022, opna det seg opp meir fritid der han kunne tilpasse seg kvardagen til Mali. Med ein engasjert kjærast måtte han sjølvsagt også melde seg inn att i NU når dei vart saman.

Forståing for engasjement

Med felles interesser og fritidssyslar kan par få mykje tid saman. Ein annan fordel er å ha ei felles forståing av det kjærasten bryr seg om.

– Linus er mykje meir musikkengasjert enn meg, men kanskje forholdet ikkje hadde gått så bra viss ikkje eg også var engasjert, for det er ein så stor del av hans liv, seier Renate om det å spele i korps.

Begge veit kor slitne dei er 17. mai, når klokka blir fire, og at det då er greitt å stikke heim og sove. Eller at fritida før ein konsert går med til øving, ikkje date.

Linus er styremedlem i korpset sitt, og Renate trur det er avgjerande at ho kan forstå ein stor del av kjærasten sitt liv. | Foto: Privat

For Mali frå NU er det viktig å ha ein kjærast som forstår når ho plutseleg må forsvinne.

– Av og til må ein berre til Finnmark og prøve å stoppe ei gruve, eller lenke seg fast til ei gravemaskin i Førde, seier ho.

– Eller halde på med masse valkamp?

– Definitivt, seier Audun, som nettopp er ferdig med budsjettforhandlingar med regjeringa.

– Det har jo hendt fleire gonger i løpet av hausten at eg har kome heim, Mali har sove, og så har eg stått opp før ho skulle opp. Ein må ha den forståinga av at slik må det vere ein liten periode. Så får ein hente det inn att.

Felles samtaleemne

Når ein har eit felles grunnlag, gir det også utømmelege samtaleemne.

– Når heile livet er frivilligheit, er det det ein ønsker å snakke om, seier Thea.

Sidan ho ikkje lenger er aktiv i Press, prøver ho å vere flink til å lytte meir enn å kome med innspel til kjærasten, som no er leiar i organisasjonen. Ho er i dag 2. nestleiar i solidaritetsorganisasjonen Changemaker. Som to politisk engasjerte personar med frikjøpte verv i kvar sine organisasjonar blir det likevel mange politiske samtalar over kjøkkenbordet.

– Eg snakka med ei venninne som sa at ho og typen aldri snakka om jobb, og det synest eg er veldig fascinerande. Det kan eg ikkje heilt skjønne at ein klarar, seier ho.

Heller ikkje Audun og Mali kan leggje vekk politiske samtaleemne, sjølv om det kan bli litt mykje av det gode.

– Nokre gonger, når vi skal ha fredagsunderhaldning, kan ho seie at ho skal setje på Dagsnytt 18. Vanlegvis synest eg det er heilt greitt, men nokre gonger når det har vore ei litt lang veke, er det det siste eg vil sjå på ein fredag, innrømmer Audun.

Blir med vidare

Ingen av para trur dei ville vore saman utan frivilligheita.

– No som vi ikkje spelar i same korps, ser vi ikkje like mykje av kvarandre, men eg har tru på at vi kjem til å vere saman framover, seier Linus.

Han har eit friår, medan Renate er på sitt tredje år på vidaregåande. Planane er ikkje fullstendig spikra enno, men dei har lyst til flytte saman til neste år, sjølv om det kan bli i ein heilt ny studieby.

Audun og Mali kjem til å vere i organisasjonane sine ei stund til, og ser for seg at det blir ein overgang til SV og Greenpeace etter kvart. Men når Mali er ferdig med ei lektorutdanninga og Audun er ferdig som SU-leiar, er det ein familiegard som ventar i Sunndal i Møre og Romsdal.

– Eg trur det var noko av det første Audun sa til meg på date. «Eg kan jo tenke meg eit småbruk ein dag». Då tenkte eg «Yes!», fortel odelsjenta.

Thea og Marius veks etter kvart ut av ungdomsorganisasjonane, og har òg byrja å leggje planar for eit nytt kapittel i sommar, då Marius fridde.

– Eg hadde null peiling, vart ekstremt sjokkert og trudde han kødda med meg, fortel Thea om frieriet.

– Det første du sa var vel nei, seier Marius med ei litt ertande tone.

– Eg sa nei, køddar du? Men det vart eit ja til slutt. Eg måtte berre skjønne at det ikkje var ein dårleg prank, ler ho.