Jon Gabriel (17) såg porno for første gong som 11-åring – no vil han forby det
Jon Gabriel Steinhovden synest det er skremmande kor lett tilgjengeleg porno er.
– Finn ein kompis du er trygg på og berre snakk om det, er oppmodinga frå Jon Gabriel Steinhovden.
17-åringen frå Frekhaug utanfor Bergen vann nyleg talekonkurransen «Ta ordet!» med ein tale om porno.
– Skambelagt
– Det er så skambelagt. Det ligg så nært kroppen vår og lyst og alt det der. Det er vanskeleg og skam trivst best i stille. Difor går ein berre vidare og nesten fortrenger at ein ser på det, fordi mange vil ikkje sjå på det eigentleg, seier Steinhovden.
17-åringen fortel at han var rundt 11 år då han første gongen såg porno hos ein kamerat. Det byrja som tull og noko han var nyfiken på, men frå 12-årsalderen oppsøkte han det meir jamleg.
– Eg visste inst inne at dette er noko eg eigentleg ikkje ville, for ein får ei veldig skuldkjensle etterpå, minnest 17-åringen.
Då han var rundt 13–14 år spurde storesøstera hans rett ut om han hadde sett porno. Han våga ikkje å svara ærleg på spørsmålet, men praten der søstera forklarte kva porno er var viktig for at han tok eit bevisst val om å slutta for godt.
– Øydelegg synet på menneske
17-åringen synest det er skremmande kor lett tilgjengeleg porno er for barn, og meiner difor det er viktig å snakka om kva porno er, før barn og unge plutseleg ser det.
Han meiner porno påverkar åtferda vår og kan ha ein naturleg samanheng med avsløringar om at 7 av 10 kvinner fortel at dei har opplevd kveling under sex.
Steinhovden fryktar menn som ser på porno kan utvikla valdsfantasiar gradvis.
– Det øydelegg synet på menneske generelt, men ofte kan kvinner bli framstilt meir som objekt.
Han trur at mindre porno kunne ført til ein heilt annan sexkultur, der mange situasjonar kunne vore unngått og mange relasjonar vore redda.
Lightup
Organisasjonen Lightup er ein internasjonal ungdomsorganisasjon som jobbar mot menneskehandel og seksuell utnytting.
– Det er veldig fint å sjå at Jon Gabriel tek opp eit viktig tema, og som gjeld så mange, seier styreleiar i Lightup Norway, Charlotte V. Fredriksen, i ein e-post til Framtida.no.
– Lightup har òg høyrt frå fleire ungdommar direkte, og gjennom kartleggingar, kor lett tilgjengeleg valdeleg porno er.
Ho viser til organisasjonens eigen rapport «Jeg vet hva seksuell vold er» som byggjer på ei digital spørjeundersøking med 155 respondentar i alderen 16–24 år.
– Resultata frå kartlegginga viste blant anna at jenter i større grad rapporterte negative erfaringar med seksuell vald knytt til pornoeksponering. Fleire unge fortalde òg om ubehag og dårleg sjølvtillit knytt til porno og andre sine forventningar, skriv Fredriksen.
Ho har inntrykk av at mange unge fortel at dei er bevisste på at porno ikkje er det same som verkelegheita, samtidig som fleire fortel at grenser har eller kan bli påverka og flytta på likevel.
Ikkje tilstrekkeleg med tiltak
Fleire unge rapporterer om seksuell vald og Fredriksen viser til at menneskehandel og utnytting er utbreidd i pornoindustrien.
Omfanget av dette er vanskeleg å slå fast, men i 2023 betalte morselskapet til Pornhub 1,8 millionar dollar etter skuldingar om å ha profittert på videoar av frå kvinner som var pressa og lurt til å delta. Filmane var produsert av GirlsDoPorn, der hovudmannen nyleg vart dømt til 27 år fengsel for sexhandel med hundrevis av kvinner.
Organisasjonen Lightup har òg laga kartlegginga «Pornofilter i skolen» og meiner at skulane ikkje har tilstrekkelege tiltak.
– Lightup meiner at i tillegg til at filterløysingar og aldersverifisering må på plass, må det prioriterast å auke unge sin kunnskap og då òg deira evne til å tenka kritisk om porno og den moglege innverknaden på deira liv og relasjonar i samfunnet, skriv Fredriksen.
Vil ha forbod
Etter at han tok opp tematikken har Jon Gabriel Steinhovden fått tilbakemeldingar både frå folk som er einige, og folk som er ueinige i hans syn på porno. Han har opplevd å få takk frå folk som fortel at det har påverka dei og familien negativt, men han har òg høyrt frå vener som har erfart at helsesjukepleiarar som omtala porno som sunt.
Han meiner me lever i eit seksualisert samfunn og anerkjenner at porno ikkje påverkar alle, men er oppteken av å ta grep for dei som opplever negative konsekvensar. Difor meiner han at eit forbod hadde vore det aller beste.
– Det er jo ikkje all porno som er valdtekt og tvang, og alt det der. Det finst jo etisk porno, men kor skal ein setja grensa? spør han retorisk.








