Yrket mitt: Christian (23) er matros på Statsraad Lehmkuhl

Då Christian Stenberg Hetty kryssa Atlanterhavet i orkan, forstod han tydinga av godt sjømannskap.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg gjekk vel inn litt i blinde, skriv Christian Stenberg Hetty på e-post til Framtida.

23-åringen er matros på Statsraad Lehmkuhl, eit av dei eldste og største skipa i drift i verda.

Her starta han som lærling i 2020, og etter læretida fekk han tilbod om fast stilling. Planen var eigentleg å gå vidare på fagskule etter læretida.

– Men eg treivst så godt på Statsraad Lehmkuhl at eg ikkje kunne la moglegheita til å halde fram om bord gå frå meg, fortel han.

Christian Stenberg Hetty

Frå: Drammen

Yrke: Matros

Utdanning: Matrosfagbrev, VG1 elektro, VG2 Maritime fag ved skuleskipet Gann

– Det å jobbe på sjøen har verkeleg vore betre enn forventingane.

Til tre kontinent

På slutten av 2025 ligg Statsraad Lehmkuhl i land ved Herradura i Costa Rica, før skipet skal vidare til Cartagena i Columbia. I 2026 drar skipet nordover til USA, før det kryssar Atlanterhavet og drar til Spania.

På denne ekspedisjonen, One Ocean Expedition 2025–2026, skal skipet innom 27 hamner på tre kontinent for å rette merksemd mot rolla havet speler for ei berekraftig framtid, ifølge heimesida til skipet.

Hetty skriv at han slett ikkje hadde trudd at han kom til å få oppleve verda gjennom jobben. Han har fått mange utrulege opplevingar gjennom tida på skuta.

– Det mest utrulege må kanskje vere då vi segla over Atlanterhavet i orkan. På dagvakta bles tre segl ut. På den turen lærte eg kor viktig godt sjømannskap er.

Blir ein familie

Hetty meiner matrosyrket passar for dei som er eventyrlystne og glad i å jobbe med hendene. Men det aller beste med jobben synest han er kollegaene.

– Eg har verdas beste kollegaer. Når ein brukar seks månader i året saman, blir ein som ein familie, skriv han.

Erfaring som tel

Hetty jobbar i to økter på ein arbeidsdag. Den første er frå midnatt til 4, og den andre frå 12 til 18. Vaktene består av opplæring av toktmannskap eller kadettar ved sjøkrigsskulen. Han driv óg mykje med seglhandtering og arbeid i riggen.

– Dette er ikkje eit yrke du kan lære ved skulebenken. Her er erfaring gull verdt. Den beste utdanninga du kan få er den du får ved å utføre arbeidet, skriv han.

Dei ugunstige arbeidstidene er det mest utfordrande med jobben. Det vert ofte lange og krevjande dagar, fortel han.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt?

– At vi ikkje gjer så mykje anna enn å drikke kaffi og vinke bilar ombord. Det er óg ein del negative stereotypiar om at sjøfolk er meir glad i alkohol enn resten av folket. Det stemmer ikkje, slår han fast.

Vaks opp på sjøen

Hetty har hatt kjærleik for segling heilt frå barndommen av. Han fortel at han brukte mykje tid ved sjøen gjennom heile oppveksten.

Familien hadde hytte på sjøen, og då han gjekk på barneskulen byrja han i sjøspeidaren.

– I sjøspeidaren segla vi éin til to gonger i veka, i tillegg til ei årleg sommartokt, hausttokt og pinsetokt. Speidargruppa mi hadde ei seglskute bygd i 1879, fortel han.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg er ein litt ubesluttsam type, så eg har mange draumar. Men eg kunne godt tenke meg å bli styrmann etter kvart, skriv han.