Krise hindra – semje om statsbudsjettet utan meir bruk av oljepengar

Utan å bruke meir pengar enn i den opphavlege semja med Raudt og Sp, fekk Arbeidarpartiet til slutt også med seg MDG og SV på statsbudsjettet for 2026.

NPK-NTB-Peter Tálos, Frode Kvam og Alexander Vestrum
Publisert

Semja mellom dei fem partia kom midt på natta, natt til onsdag. Klokka 2 kalla dei inn til ein felles pressekonferanse i Stortinget.

– Budsjettet som låg føre på laurdag, blir no vedteke med ein del styrkingar, vil eg seie, på klima, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK onsdag morgon.

– Det er eit bra budsjett, seier statsministeren noko seinare i Politisk kvarter.

MDG: Tydeleg klimapakke

MDG braut forhandlingane i helga, nettopp på grunn av det dei meinte var manglande klimaambisjonar i budsjettet, men dei vart til slutt samde med Arbeidarpartiet, mellom anna om å setje ned ein kommisjon for avvikling av oljeindustrien i Noreg.

– Vi har fått gjennomslag om ein tydeleg klimapakke, seier MDG-leiar Arild Hermstad tilfreds i NRK.

Støre avviser at prosessen rundt semja var kaotisk, og at semja mellom samarbeidspartia skjedde på overtid.

– Det er 3. desember, og vi har klarleik for budsjettet. Finansdebatten er på fredag. Vi har gjort dette på ein skikkeleg og ordentleg måte. Dette resultatet er bra for landet, seier Støre onsdag morgon.

SV tapte om oljefondet

SV ville i helga ikkje underteikne den opphavlege avtalen, som Raudt og Senterpartiet underskreiv med Arbeidarpartiet, men halde fram forhandlingane. Natt til onsdag gjekk dei likevel med på ein budsjettavtale med regjeringa sjølv om partiet ikkje fekk medhald på fleire av sine viktigaste saker.

Palestina var ei av SVs kampsaker, og der fekk dei medhald i at Noreg skal ta initiativ til eit internasjonalt forbod mot import av busetjarvarer. Dei ønskte også å endre oljefondet. Den kampen tapte partiet.

– Vi gjekk inn i forhandlingane med krav om at sparepengane våre ikkje skal vere investerte i folkemord og okkupasjon. Dessverre er motstanden mot dette total i Arbeidarpartiet. Motviljen er så gjennomført at sjølv ørsmå tiltak er heilt umoglege for dei, sa partileiar Kjersti Bergstø etter at avtalen var underteikna natt til onsdag.

Etter nokre timar med kvile var Bergstø likevel klar på at det er fleire ting i budsjettavtalen, som er viktige for SVs veljarar.

– Det ligg veldig store ting i denne avtalen. Vi har klart å stoppe gruvedrift på havbotnen. Ingen kan få til alt i eitt budsjett. Eg er kjempestolt over det vi har fått til, seier Bergstø onsdag morgon i NRK.

– Vi har fått på plass viktige ting for Palestina. Regjeringa skal ta initiativ til eit internasjonalt forbod mot import av busetjarvarer. Dette er den spede starten på internasjonale sanksjonar mot Israel, seier SV-leiar Kirsti Bergstø. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ikkje meir oljepengar

Semja kom etter at leiarane for dei fire samarbeidspartia hadde sete på kontoret til Tonje Brenna, Arbeidarpartiets parlamentariske leiar, i fleire timar.

Brenna understreka på pressekonferansen at budsjettinnstillinga frå laurdag ligg fast. Ho understreka at nokre tydelege stolpar har lege til grunn for Ap.

– Vi skal ha ein ansvarleg pengebruk, og det er uendra uttaksprosess frå oljefondet samanlikna med forslaget frå regjeringa. Det er framleis tilfelle i dag. Tala i budsjettet for 2026 frå helga er ikkje endra, sa Brenna.

Tala i budsjettet for 2026 frå helga er ikkje endra, sa Tonje Brenna, Aps parlamentariske leiar. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

SV og MDGs gjennomslag

I forslaget til statsbudsjett som no vil bli stemt inn fredag, har dei ulike partia framheva ulike sigrar.

  • MDG jublar for nasjonalt månadskort frå 2027 og ein oljekommisjon. I tillegg blir CO₂-avgifta auka på sokkelen.
  • SV framhevar at dobbelt så mykje skog skal bli verna, og at regjeringa blir forplikta til å leggje fram nye tiltak innan mai for å kutte utslepp av klimagassar, og det skal greiast ut noregspris på solkraft.

Raudt: No er ventetida endeleg over

– No er ventetida endeleg over. Det er 100 prosent sikkert at Raudts viktige gjennomslag blir norsk røyndom, seier partileiar Marie Sneve Martinussen.

Budsjettsemja inneber at det ikkje blir nokon eksperiment knytte til oljefondet eller olje- og gassnæringa, slår Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fast.

– Desse er berebjelkar i velferdsstaten som vi tek vare på, seier han i ei pressemelding.

Vedum trekkjer også fram distriktspolitiske satsingar, mellom anna vidareføring av ordninga med sletting av studielån i distrikta. Han trekkjer også fram gratis ferjer i ei rekke øysamfunn.

Vedum seier også at avgiftsauken på bensin og diesel er avlyst.