Stor framgang for folkehøgskulane

Folkehøgskulane takkar regjeringa sine kuttforslag for auken.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet.

Dei siste åra har det blitt stadig meir populært for norske ungdomar å gå på folkehøgskule. For komande skuleår er også auken stor. Over 8 prosent fleire har no takka ja til ein plass på folkehøgskule, samanlikna med same tidspunkt i fjor. Ved Sunnmøre Folkehøgskule har ein i dag, 10. mars, 88 elevar som har takka ja til plass mot 70 på same tid i fjor.

LES OGSÅ: Vil kutte støtta til folkehøgskulane

Takkar Torbjørn
Folkehøgskulane takkar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for haustens forslag om budsjettkutt.

– Takka vere regjeringa sitt kuttforslag, kom folkehøgskulane på dagsorden i haust. Det skapte eit stort engasjement blant noverande og tidligare folkehøgskuleelevar. Vi fekk massiv støtte, og oppdaga kor mange tilhengjarar folkehøgskulane har i Norge. Vi er eit skuleslag som betyr svært mykje for mange, og det er vi glade for, seier rektor Arnt Ole Grimstad.

LES OGSÅ: Dataspel gir søkjarboom

Auke
Støtta ser ut til å ha påverka søkjarmassen positivt. Første mars var det meir enn åtte prosent fleire som hadde takka ja til ein plass på folkehøgskule enn på same tid i fjor, og ved Sunnmøre Folkehøgskule var auken 13 prosent.

– Dette kjem på toppen av allereie gode søkjartal for dei norske folkehøgskulane dei siste fem åra, seier Tor Grønvik, dagleg leiar for Informasjonskontor for kristen folkehøgskole.

– Vi trur fleire har fått augo opp for det eit folkehøgskuleår faktisk gjev, som læringsglede, auka samarbeidskompetanse, samt fagleg og personleg utvikling.