MDG-Frøya kåra til «Årets stjerneskot»
Stortingsrepresentanten for MDG fekk pris under årets KK-galla.
– Det var veldig stas på KK-gallaen, men eg er først og fremst politikar, så det er litt rart å kome i ein slik setting i gallakjole og motta ein pris, seier Frøya Skjold Sjursæther (19) på telefon til Framtida.no.
MDG-politikaren vart i haust vald inn på Stortinget som den yngste representanten nokosinne.
– Anerkjenning
Tysdag denne veka fekk ho KK-prisen for «Årets stjerneskot».
Juryen peikar på at Sjursæther vert skildra som ein sylskarp debattant som på kort tid er blitt ein viktig profil for MDG.
I tillegg til heider å ære fekk ho 5000 kroner til eit sjølvvalgt føremål, og valde å gje premiepengane til Leger uten grenser sitt arbeid på Gaza.
«Den hardtarbeidande 19-åringen er ikkje redd for å ta plass og seia kva ho meiner. Ho kjempar for det ho trur på og er eit godt førebilete og ein demokratiforkjempar for den yngre generasjonen. Vi treng profilar som Frøya,» står det i grunngjevinga.
– Det følast som ei form for anerkjenning av den jobben ein gjer, i ein jobb der ein elles får ein del kritikk. Det er veldig fint med slike prisar som gjev litt ekstra merksemd til dyktige og modige kvinner som berikar samfunnet på ulike måtar, seier Sjursæther.
Før valet fortalde politikaren til Framtida.no at ho har fått brev i posten, blitt ringt opp av framande og fått innboksen sin rent ned av negative kommentarar. Ho er særleg uroa for at hets i sosiale medium kan skremma andre kvinner frå å delta i demokratiet.
19-åringen medgjev at ho ikkje følte seg heilt heime på gallaen til kvinnemagasinet KK, men kunne heldigvis støtta seg på andre politikarkollegaar som Abid Raja (V) og Lubna Jaffery (Ap).
Nominert til «Årets namn»
Sjursæther har fått mykje merksemd etter ho vart vald inn som stortingsrepresentant, og er òg nominert til «Årets namn» i VG. Det same er fersk stortingskollega og FpU-leiar Simen Velle (25).
Etter å ha delt bilete saman frå stortingsmiddagen på slottet spekulerte internett i om dei to var – eller kunne bli – Noregs nye «power couple».

MDG-politikar Frøya Skjold Sjursæther og Frp-politikar Simen Velle koste seg på slottsmiddag med det nye stortinget.
Det kunne dei begge lattermildt avkrefta, og Sjursæther tok det med humør.
– Det tar eg berre som eit stort kompliment, sa ho til Framtida.no den gongen.
Andre prisvinnarar på KK-gallaen var handballspelar Camilla Herrem, som vart kåra til «Årets førebilete» og Rima Iraki, som vart kåra til «Årets stemme».







