– Alle fitter er fine

Dette banneret vakte oppsikt på Stord på kvinnedagen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag 80 personar stilte søndag opp til 8. mars-tog utanfor Turnhallen i Leirvik. Med hovudparolen «Nei til kvinneundertrykking» og parolane «Stopp pornokulturen» og «Utdanning = kvinnefrigjering» gjekk følgjet gjennom sentrum og mot Stord kulturhus.

Parolen som kanskje fekk mest merksemd, både i gata og på sosiale media, var den bakarste. Der stod det «Alle fitter er fine», som motstand mot kjønslemlesting, enten det er religiøs eller kosmetisk årsak til inngrepet.

Les også: Kvinnedagen framleis aktuell

Mot kjønnslemlesting
– Er det å gå hardt ut med ein slik parole?

– Me tenkjer ikkje at det er å gå hardt ut. Me ser at folk reagerer og at folk har ulike meiningar. Det er det plass til, seier initiativtakar Kristine Tofte, som bar parolen i lag med dotter si Liva Rindom Tofte (13).

Ho meiner parolen kommuniserer bodskapet på ein effektiv måte, spesielt ut mot ungdom.

– Eg vurderte å ikkje ta parolen med, i frykt for å ikkje få noko støtte, men då sa 13-åringen min til meg «veit du kva, då fungerer ikkje demokratigreiene». Difor vel eg å gå i lag med 13-åringen min med denne parolen, sa Tofte under ein appell før toget starta.

– Å meina ting er viktig. Og det er også viktig å seia ifrå om det er noko ein bryr seg om, seier Liva Rindom Tofte til Sunnhordland under togmarsjen.

Les også: Alvorleg tema på kvinnedagen

Hovudparolen var "Nei til all kvinneundertrykking", her bore av initiativtakarar Mette Solemdal, Vigdis Haga og Jane Jünger som starta toget i Leirvik for 3 år sidan. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Reagerer på parolen
Ei som reagerer på parolen er Høgre-politikar Vibecke Beyer. Ho blei såpass opprørt at ho i eit innlegg på Facebook skreiv følgjande:

«Det er nesten som jeg ikke kan tro det jeg leser! Parolen «Nei til kjønnslemlestelse» har i siste instans fått navnet; «Alle fitter er fine» av parolekomiteen på Stord!?

Hvordan i all verden kan man sidestille påtvunget lemlestelse av små jentebarns kjønnsorganer med kosmetiske underlivsoperasjoner? …»

Ho skriv vidare at «selv om fitten er fellesnevneren her, er det en uheldig sammenblanding og et direkte hån mot alle de jentebarn og kvinner som ufrivillig lemlestes, at parolekomiteen velger å rope; «Alle fitter er fine».

– Du må berre gjengje heile innlegget, eg står full og heilt for det eg har skrive. No er eg på veg inn i kulturhuset for å feira kvinnedagen, seier Beyer på telefon til Sunnhordland søndag kveld.

Toget gjekk til kulturhuset, der den internasjonale kvinnedagen blei markert med appellar, talar, underhaldning og kunstutstilling.

LES OGSÅ: Feminisme på svensk

Artikkelen var først hos Bladet Sunnhordland