Oslo AP vil ha tilbake gratis skulemat på VGS
Arbeidarpartiet og AUF går no saman og seier at dei vil innføre gratis skulemat på vidaregåande skular i Oslo, etter at det blei avvikla av Høgre-byrådet for to år sidan.
– Forskinga viser at det har blitt betre miljø på dei skulane som hadde skulemat, fordi ein sit og et med andre ein kanskje ikkje ville blitt kjent med til vanleg, seier Vemund Gjul-Jensrud (19), som er fylkessekretær i Oslo AUF, og går også på Elvebakken VGS.
Framtida møter han utanfor skulen, saman med partikollega i Oslo AUF Idun Soltvedt Klæbo og Jon Reidar Øyan, helse- og sosialpolitisk talsperson for Oslo Arbeidarparti.
I 2024 avvikla Høgre-byrådet i Oslo gratis skulemat, få år etter det blei innført av eit rødgrønt bystyre på alle vidaregåande skular i 2022, og alle ungdomsskular i 2023. I ei evaluering blei det konkludert med at ordninga ikkje nådde måla som blei sett, mellom anna at ho ikkje reduserte sosiale skilnader.
No ønskjer Arbeidarpartiet og AUF å innføre gratis skulemat på vidaregåande på nytt.
– Eg ser mange som går og kjøper mat til fyrste time, eller til lunsj. Då går det ein del pengar, det er jo dyrt.
Det seier Idun Soltvedt Klæbo (17), som òg er medlem i Oslo AUF, og elev på Elvebakken VGS.
Ho reknar at ein toast i kantina kostar kring 40 kroner. Kjøper ein ein toast dagleg i eit heilt skuleår vert det ifølgje Framtida.no si berekning 7600 kroner.
– Det er det jo ikkje alle som har råd til. Om ein kunne gitt alle høve til å ete eit gratis måltid, slik at ein er mett og kan fokusere, så vil det ha ein effekt, trur Klæbo (17).
Eit samlingspunkt
Vemund Gjul-Jensrud i Oslo AUF hadde sjølv gratis skulemat på ungdomsskulen, og vil gjerne få tilbodet tilbake.
Han viser til tal frå vurderinga helseetaten gjorde då ordninga vart avvikla, der 16 av 24 skular rapporterte at måltidet hadde positiv effekt på det sosiale miljøet.
Det var òg erfaringa til Gjul-Jensrud.
Nøkkelpunkt frå evalueringa
Her er nokon nøkkelpunkt frå helseetatens evaluering av skulematordninga i 2024:
- Prosjektet fann ikkje at innføringa av gratis skulemat reduserte sosioøkonomiske ulikskapar i helse.
- Evalueringa kunne ikkje konkludere med at dei som nytta seg av gratis skulemat kom frå familiar med lågare sosioøkonomisk status.
- 16 av 24 vidaregåande skular rapporterte at måltidet hadde positiv effekt på det sosiale miljøet.
- Gratis skulemat førte til meir avfall på skulane, i hovudsak emballasje. Avfallet auka frå 115,4 tonn, til 134,1 tonn.
- Samarbeidet mellom Helseetaten og Utdanningsetaten fungerte godt.
– Gratis skulemat er eit samlingspunkt. Dei som ikkje et heime for å spare tid, og dei som ikkje har råd til å kjøpe mat på skulen kan møtast og vere saman om eit måltid. Og så var det veldig populært blant elevane. Det er jo anekdotisk, men eg hugsar at fleire av venane mine likte det veldig god, og synest det var synd at det blei fjerna, sjølv om dei ikkje står meg så nær reint politisk, seier Gjul-Jensrud.
Usikre på ordninga
Framtida møter Elvebakken-elevane Eskil Ree Havnes (17), Cyan Fastvold (17) og Olivia Qvale-Hjertenes (17) utanfor Kiwi, den næraste butikken ved skulen.
Ree Havnes er ikkje sikker på om gratis skulemat er ei god løysing.
– Det kan vere ein risiko for at skulematen held lågare kvalitet. Då eg gjekk på ungdomsskulen hadde vi gratis mat, og den var ganske dårleg. Maten vi har no er betalt, men ikkje veldig dyr, og mykje betre, meiner Ree Havnes.
Saka held fram under biletet.
Også Qvale-Hjertenes og Fastvold er delte.
– Det kjem an på personleg økonomi, seier Qvale-Hjertenes.
– Ja, gratis skulemat er ei god løysing for dei som ikkje har så god råd, meiner Fastvold.
Gjul-Jensrud i AUF seier hans erfaring er at ordninga blei bra etter kvart.
– Om ein gir det tid til å utvikle seg, så blir det bra. Men om det vert nedprioritert med ein gong, så har ein ikkje mogelegheita til å gjere det til det det kan bli.
Synd at det vart fjerna
Den totale kostnaden på ordninga ville vore 34,5 millionar i 2026, seier presseansvarleg Karen Mjør i Oslo Arbeidarparti si bystyregruppe i ein e-post til Framtida. Då ordninga blei avvikla i 2024, gjaldt den både vidaregåande og ungdomsskule, og kosta 150 millionar i året.
– Vi kan ikkje kaste bort så store summar på tiltak vi ikkje aner effekten av, sa dåverande helsebyråd Thea Kristine Schjerven (H).
Helse- og sosialpolitisk talsperson for Oslo Arbeidarparti, Jon Reidar Øyan, er ueinig.
– Nokon lurer på kvifor vi jobbar så mykje med dette, når det er snakk om berre rundt 20 prosent som ikkje har spist før dei kjem på skulen. Men vi har alltid vore opptatt av at dei 20 prosentane utgjer 4000 elevar på VGS i Oslo, understrekar han.
Tala har han frå Forskingsrådet sin analyse av elevars etevanar frå 2018.
Øyan meiner det er synd at Høgre-byrådet fjerna tilbodet. Han meiner det var for tidleg å konkludere med at ordninga ikkje var god nok.
– Då hadde det ikkje fått virke så veldig lenge. Dei gjorde nokon undersøkingar i helseetaten som viste at det ikkje jamna ut sosiale skilnader, men det rekker ein ikkje på eit år. Difor er vi og AUF glade for at vi prioriterer dette framfor noko anna.
– Framfor kva anna?
– I politikken må ein prioritere og ta val. Vi kunne ha valt å bruke dei pengane på noko anna, men vi meinte at dette tiltaket var det viktigaste å bruke dei på no. Og så ser vi at dei fleste er villige til å betale skatt for å jamne ut ulikskap og gjere tiltak som gjer at alle får det betre. Så om vi hadde fått makta i Oslo i morgon, så ville vi valt å innføre skulemat neste skuleår.
Førre gong var skulemat ein del av budsjettet til skule og utdanning. No har Arbeidarpartiet flytta det til helsebudsjettet. Men akkurat kor pengane skal kome frå, kan ikkje Øyan svare på.
– Det er jo vanskeleg å vere meir konkret enn at vi har valt å sette av desse pengane til gratis skulemat gjennom helsebudsjettet og helsekomiteen i bystyret. Og ikkje gjennom utdanningsbudsjettet. Det har vore for å synleggjere at det ikkje skal konkurrere med til dømes løn til assistentar og skulebibliotekarar. Og så ser vi på dette som eit folkehelsetiltak, avsluttar han.










