Ibelinprisvinnaren: – Kanskje den einaste grunnen til at eg framleis er her i dag

Robin Garberg Hagen vann Ibelinprisen førre veke, og blei årets rollemodell i spelverda. Han seier det er veldig givande å vere viktig for andre.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Det gjekk kanskje ei kule varmt når eg stod der på scena, for eg var rimeleg nervøs. Men eg overlevde jo den utfordringa òg! seier Robin Garberg Hagen (17) på telefon til Framtida.

Han er den fyrste vinnaren av Ibelinprisen, som går til ein spelar som gjer ein positiv forskjell i spelverda.

Garberg Hagen vann saman med Rubinen, som er ein norsk Minecraftserver.

– Einaste grunnen til at eg framleis er her

Kva er Minecraft?

Minecraft er verdas mest selde spel. Det handlar om å samle ressursar, og bruke dei til å byggje i og utforske spelverda. Ein kan spele aleine, eller med andre. For å spele med andre må ein bruke ein server, altså ei felles plattform på nett. Kven som helst kan lage ein server, og dei største i verda har over 100 000 spelarar om dagen.

 

 

Rubinen blei starta av Hanne Bratli Elseth, etter ho opplevde at spelarar som ikkje klarte å oppføre seg, blei utestengt.

– Vi ville lage ein stad der barn og unge ikkje blir kasta ut når dei gjer feil, men heller får rettleiing, sa ho til lokalavisa OA.no

Garberg Hagen seier Rubinen har endra livet hans.

– Eg har fått hjelp til så mykje i mitt private liv. Eg har fått hjelp til å utvikle meg, og eg har lært meir om meg sjølv, og ikkje minst om andre. Eg har lært korleis eg kan kome meg vidare frå der eg var, til her eg er no.

Klubbleiar og grunnleggjar av Rubinen, Hanne Bratli Elseth, og Robin Garberg Hagen. | Foto: Privat

– Rubinen er kanskje den einaste grunnen til at eg framleis er her i dag, seier han.

Blei rollemodellen han sjølv trong

Robin Garberg Hagen med dei andre nominerte til Ibelinprisen. | Foto: Privat

I jurygrunngjevinga står det at Robin «Med eigne erfaringar viser (…) korleis spel kan flytte deg frå utanforskap til å bli rollemodellen og støttespelaren han sjølv trong».

Han seier at å bli med i Rubinen gjorde at han fann ein plass der han høyrde til.

– Eg hugsar det var nytt for meg at folk som styrte eit miljø, deltok i det aktivt. Korleis dei høyrde på det eg sa, syntest eg var interessant, og ville snakke meir med meg. Då tenkte eg, dette er ein stad eg har lyst til å vere.

Garberg Hagen blei raskt ein del av administrasjonen i Rubinen, og held no talar for dei andre i spelverda, mellom anna på verdsdagen for psykisk helse.

Han seier han slit med å ta inn over seg kor viktig han har blitt for dei andre.

– Det er vanskeleg, fordi eg har opplevd at det er eg som må bli tatt hand om, og eg som må ha hjelp for å kome opp og fram. No har det blitt litt reversert. Det tek veldig lang tid å innsjå det. Men det er veldig givande å kunne hjelpe andre, og å vere ein viktig del av dei andres liv.

Saka fortset under biletet.

Robin i spelet Minecraft, kor han går under namnet Utina_ | Skjermbilete: Privat/Mojang

Samhald gjennom gaming

– I Rubinen brukar vi gaming for å kome i kontakt med andre, gjennom felles interesser, seier Garberg Hagen

Garberg Hagen seier gaming er ein fin måte å vere saman på.

– Det er jo mange måtar å kome i kontakt med andre, men det å gjere noko saman er ein veldig fin måte å byggje venskap og relasjonar på. Og når ein speler saman, er det ikkje like høgtideleg som når ein sit overfor kvarandre og ser kvarandre i auga, seier Garberg Hagen.

Og i Minecraft er det enkelt å vere saman, seier han.

– Alle har så mange moglegheiter. Uansett kva ein likar så er det noko ein kan gjere i spelet. Det gjer at alle kan vere med.

Glad for å bli anerkjent

Garberg Hagen seier det var veldig gøy å få vere ein del av utdelinga.

– Eg er veldig glad for at det blir anerkjent, det vi gjer. Både vi som var nominerte, og dei som ikkje var det.

I premie vann Rubinen 50 000 kroner. Garberg Hagen seier han ikkje veit kva dei skal bruke pengane på endå.

– Vi vil gjerne høyre med spelarane, kva dei tenkjer. Det er ei avgjerd vi må ta saman, avsluttar han.