Menn reagerer på spel med kvinne i hovudrolla: – Ganske tåpeleg
God of War annonserte sitt første spel med den kvinnelege karakteren Laufey i hovudrolla. Det har fått fleire menn på nett til å reagere.
– Det er ein del ganske populære streamers som har sagt at dei ikkje klarer å føle same sympati for kvinnelege spelkarakterar, som dei gjer for menn, fortel Ava Alexandra Ngo (18) på telefon til Framtida.
Ein streamer, eller strøymar, er ein person som sender direkte på plattformer som Twitch eller YouTube Live. Ofte driv dei med gaming, matlaging eller andre prosjekt.
2. juni i år annonserte Sony eit nytt spel i samarbeid med Santa Monica Studio.
Spelarar skulle på nytt få oppleve God of War-universet, eit actionbasert eventyrspel som hentar inspirasjon frå diverse mytologi.
Til no har franchisen handla om krigsguden Kratos, men i det nye spelet blir søkelyset sett på ein annan karakter:
Kona til Kratos og ein krigar sjølv, Laufey.
Det har skapt sterke reaksjonar, spesielt frå menn og tidlegare fans av God of War-serien.
– Det var ein strøymar som kalla spelet for God of War Kitchen. Det er jo heilt sjukt, seier Ngo.
Gutane har visse forventingar
Ngo har gama sidan ho var fem år, og fekk e-sportsstipendet til Vestland fylkeskommune i 2025. Ho er difor godt kjent med spelmiljøet.
– For det meste har eg klart å skape vennskap med gutar på nett, men det er også veldig mange gutar som ser på ei jente som speler som ein sjanse til eit forhold. Viss dei ikkje får det, begynner dei ofte å spreie hets og kvinnehat.
Ho opplever at det er ein 50/50-sjanse for at ho blir hetsa når ho speler på nett. Ngo er blant anna glad i Valorant og League of Legends.
Om gamaren skal kommunisere med dei andre på laget sitt, er det nokre gonger dei pratar som likeverdige. Andre gonger får Ngo beskjed om å halde kjeft fordi ho er kvinne.
– Det har blitt betre enn det har vore før, men det kan også vere fordi regelverket mot hets har blitt strengare, seier Ngo.
Gamaren fortel at det òg er forskjellige haldningar til kva karakter du vel å spele som.
– Viss du speler som Sage i Valorant, er det allereie ei forventning om at du er dårleg til å spele og at du ønsker oppmerksemd frå gutane. I League of Legends er det også sånn. Viss du liker å spele support, er det mange menn som seier at sjølvsagt gjer du det.
Mindre sosiale enn andre
Sjølv veit ikkje Ngo kvifor gutar møter jenter med motstand i spelmiljøet.
– Kanskje er det fordi spel har vore dominert av menn så lenge. Det blir uvant for dei at jenter kjem inn i deira «domene».
Ifølgje Ngo har gamarar ein tendens til å vere mindre sosialiserte, då dei ofte sit heime og speler.
– Det kan jo vere éin grunn til at dei oppfører seg sånn.
– Så sabla mykje ståhei
Ei anna som har fått med seg diskursen på nett, er Ina Luna Gundersen (31). Ho er med i den største gamingpodkasten i Noreg, Nerdelandslaget, og er ei tydeleg stemme i det norske spelmiljøet.
– «God of Woke» og «God of War: Laundry» blei populære søk etter annonseringa, og det er jo ganske tåpeleg at ein ikkje skal få lov til å inkludere kvinnelege hovudroller utan at det skal bli så sabla mykje ståhei, skriv ho på e-post til Framtida.
Gundersen meiner det er to ting du kan gjere viss du ikkje klarar å spele eit spel med ei kvinneleg hovudrolle: Ta deg saman og få litt betre fantasi.
– No må denne typen mannfolk skjerpe seg og slutte å vere så lett trigga av alt mogleg.
Glad for fleire kvinner i spel
Influensaren meiner det fine med gaming, er å kunne oppleve å vere nokon heilt andre og leve eit liv du elles ikkje ville levd. Ho synest det er synd at det framleis er fleire som er negative til denne moglegheita, og heller ikkje ser kor viktig det er med representasjon.
– Vi kvinner har vakse opp med å nesten utelukkande kunne spele som menn, og det er heller ikkje tvil om at tidlegare spel har vore skapa av og for menn.
Gundersen er glad for å endeleg sjå fleire kule, kvinnelege protagonistar.
Skaper krasj
På spørsmål om kvifor Gundersen trur kvinner i spel møter meir motstand enn kvinner i andre medium, svarar ho at spel har ein større identitetskultur rundt seg.
– Alle ser film, men ikkje alle er ein «gamar». Mange mannlege spelarar har definert seg sjølve gjennom hobbyen sidan barndommen, og det skapar eit territorielt forhold til mediet.
Nettopp fordi spel lenge har vore av menn for menn, har det også vore eitt av få rom der ein bestemt type maskulinitet får vere i fokus, skriv Gundersen.
– Spel har handla om musklar, kraftfantasiar, dominans og kontroll. Når ein kvinneleg karakter tek den plassen, kan det kanskje krasje litt? Men hei, vi kvinner utgjer halvparten av gamarar, og vi sutrar ikkje over at vi må spele som menn.
Strengare krav til kvinner
God of War Laufey er ikkje det einaste spelet som har blitt møtt med store mengder hets etter annonseringa. Andre spel som Horizon Zero Dawn, Ghost of Yotei, og Intergalatic: The Heretic Prophet opplevde same type hets.
Kamilla Knutsen Steinnes er forskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
På e-post til Framtida fortel ho at store spelseriar, som God of War, ofte bygger på identitet og eigarskap, då spelarar ofte har brukt fleire tusen timar på spela, og difor har store forventingar.
– Når ein kjent figur som Kratos i God of War blir bytta ut, kan spelarar oppleve det som at noko i spelkulturen er trua, eller er i ferd med å bli endra.
Kjønn kan då bli ein symbolsk markør for endringa, meiner Steinnes.
– Kvinnelege spelkarakterar blir også ofte vurdert strengare enn mannlege karakterar når det gjeld design, narrativ legitimitet og personlegdom.
«Gatekeeper»
Ifølgje Steinnes har spelmiljø lenge vore dominerte av menn og prega av å vere lite modererte. Når kvinner får meir plass, enten som spelarar eller karakterar, kan det oppstå «gatekeeping» som ein sosial mekanisme.
Gatekeeping vil seie å kontrollere eller avgrense kven som får tilgang til eit bestemt miljø.
– Ei kvinneleg hovudrolle i eit spel kan også, blant enkeltindivid, bli tolka som ein eksplisitt politikk i form av kjønnsrepresentasjon. Nokon vil då reagere på det dei oppfattar som den politiske agendaen til spelet, skriv Steinnes.
I tillegg meiner forskaren at spel handlar mykje om meistring og kompetanse, der spelaren er ein aktiv aktør. Det står i motsetning til film og TV med kvinnelege hovudroller som opplever mindre motstand, fordi sjåaren er ein meir passiv mottakar.
– Nokon kan oppleve at meistring og kontroll over eiga speloppleving blir utfordra når spel blir endra, eller flyttar perspektiv.
Ønsker variasjon
I 1996 kom Tomb Raider ut på PlayStation for første gong. I hovudrolla fann vi Lara Croft, eit ikon i popkulturen og spelmiljø.
Det var lite diskurs rundt karakteren Lara Croft som hovudrolle, men det same kan ikkje bli sagt om Aloy, Atsu, Jordan og Laufey.
Mykje av kritikken er retta mot utsjånad, at dei er urealistiske, og som Ava Ngo fortel, kan menn ha vanskeleg for å føle sympati for ein kvinneleg karakter.
Kritikk blir også retta mot spelutviklarane som lagar spel med varierande karakterar av kjønn og legning, men dei siste åra har spelindustrien vakse til å bli ein av verdas største underhaldingsbransjar. Det finst over tre milliardar spelarar.
I USA er halvparten av dei som speler dataspel kvinner.
I ei undersøking gjort i USA og Storbritannia, kjem det fram at spelarar ønsker seg mangfald, likestilling og inkludering i spel.
Sensurerer seg sjølve
Steinnes fortel at kvinnelege spelarar, spesielt unge jenter, som opplever hets mot seg sjølv og karakterar som liknar på dei, kan ende med å trekke seg ut av visse spelsjangrar og -fellesskap.
– Mange jenter vel å vere stille eller usynlege som ei form for sjølvsensur, for å redusere hets og diskriminering.
Sjølvsensur i denne samanhengen kan vere å ikkje bruke voice chat, bruke kjønnsnøytrale brukarnamn, eller unngå enkelte spel.
– Nokre jenter kan også kjenne på prestasjonsangst knytt til stereotypiar om kjønn og kvinnelege spelarar.
Samstundes fortel Steinnes at trass motgangen, oppstår det fleire positive og trygge kvinnelege spelmiljø som bidreg til å bygge motstand og engasjement.
Sei ifrå!
Ava Ngo fortel at ho pleidde å bli påverka når ho opplevde hets på nett, men no har ho funne noko som hjelper.
– Det lettaste er jo å rapportere dei som hetsar, eller berre vere stille. Men viss du tør, sei noko tilbake. Det kan hjelpe, sidan dei ikkje forventar det!
I tillegg erfarer Ina Luna Gundersen at meiningane som kjem fram på nett, ikkje er meiningane til folk flest.
– Dette er ei lita gruppe incelgutar som roper og skrik høgt på internett. Dei ønsker å gjere hobbyen din ubehageleg nok til at du forsvinn. Ikkje gjer dei den tenesta.















