Tingretten stansar ikkje gruvedeponi i Førdefjorden
Nordic Mining får halde fram til Høgsterett kjem med ei avgjersle. Naturvernforbundets leiar er sjokkert og skuffa.
Retting: I ein tidlegare versjon stod det at arealdeponiet skulle gå frå 20 kvadratmeter no til 70 kvadratmeter om eit år. Det er retta til 20 000 og 70 000 kvadratmeter.
Nordic Mining vinn ut rutil og granat frå Engebøfjellet ved Førdefjorden i Vestland. Staten har gitt selskapet løyve til å dumpe opptil 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden.
Anlegget vart offisielt opna 22. mai, og ifølgje tingretten var det i midten av oktober deponert rundt 200.000 tonn avfall i fjorden.
Efta-domstolen har slått fast at dumpinga i fjorden strir med EUs vassdirektiv, og i august slo Borgarting lagmannsrett fast at godkjenninga til staten av sjødeponi er ugyldig og i strid med vassforskrifta og EUs vassdirektiv.
Staten anka denne dommen til Høgsterett, og miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kravde mellombels åtgjerd fram til saka er endeleg avgjord i Høgsterett. Sogn og Fjordane tingrett avviste kravet måndag.
Sjokk og skuffelse
Miljøorganisasjonane må òg betale sakskostnader på 2,5 millionar kroner til Nordic Minings dotterselskap Engebø Rutile and Garnet (ERG). Naturvernforbund-leiar Truls Gulowsen reagerer kraftig på avgjerda.
– No kjenner vi på sjokk og skuffelse. Etter sigeren i lagmannsretten, fekk vi tilbake trua på at naturen har rettstryggleik i Noreg. At tingretten lèt omsynet til eit børsnotert selskap vege tyngre enn heile vekta av ein rein og rik fjord, det er ikkje til å forstå, seier Gulowsen i ei pressemelding.
Tingretten gir likevel miljøorganisasjonane medhald i at dumpinga truleg strir med EUs vassdirektiv. Dei vil vurdere anke, men seier at sakskostnadene gjer avgjerda vanskeleg.
– Her sit eit gruveselskap med eit løyve som mest sannsynleg er ulovleg, og så skal dei likevel få dumpe avfallet og skade livsviktige og finstemde økosystem. Om dette ikkje blir stansa, vil livet i deponiområdet bli gravlagt, og forureininga kan spreie seg i fjorden, seier Gulowsen.
Avgrensa konsekvensar
Retten har vurdert den ytterlegare skaden som kunne oppstått i åtgjerdsperioden, opp mot vilkåra for sikringsgrunn.
Han meiner miljøorganisasjonane ikkje har sannsynleggjort at vilkåra om å gi mellombels åtgjerd er oppfylte.
– Retten vurderer at den meir-skaden som kan oppstå i eit tidsperspektiv på inntil tolv månader fram i tid, ikkje oppfyller kravet i lova om vesentleg skade eller ulempe, heiter det i rettsavgjerda.
Tingretten anerkjenner at deponiet har negative konsekvensar for botnforholda i fjorden og livet der, men han legg til grunn at det er «avgrensa konsekvensar for fjorden» utover arealbeslaget til deponiet, som er rekna til å vera på rundt 20.000 kvadratmeter no og 70.000 kvadratmeter om eit års tid.
Glede i Nordic Mining
Rettsavgjerda blir ønskt velkommen i Nordic Mining.
– Vi har dokumentert at miljøpåverknaden frå sjødeponiet er låg. Denne konklusjonen byggjer på mange uavhengige rapportar og undersøkingar. Vi er tilfredse med at retten har lagt vitskapen til grunn og ikkje den prinsipielle motstanden til miljøorganisasjonane mot sjødeponi, seier konsernsjef Ivar Marum i ei pressemelding.
Marum legg til at selskapet gler seg over sterk støtte til prosjektet frå norske myndigheiter, og at myndigheitene «anerkjenner prosjektets geopolitiske betydning for Noreg og Europa».
– Tilgangen på viktige mineral var ein del av grunngivinga da løyvet vart gitt. Med dagens tryggingspolitiske situasjon er behovet for slike mineral vorte enda viktigare, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding like etter opninga i mai.







