Ny borgarmeister i New York: – Ein kjempeinspirasjon, seier SU-leiar
34-åringen sikra ein av fire viktige sigrar for demokratane, og blei med det New Yorks fyrste muslimske borgarmeister.
– Det er ein kjempeinspirasjon for andre venstresideprosjekt i heile resten av verda, seier Audun Hammer Hovda, leiar i Sosialistisk Ungdom på telefon til Framtida.no.
I natt vann Zohran Mamdani (34) valet i byen New York. Med 50,9 prosent av dei 97,98 prosent av røystene som er talt opp, ifølgje valstyret for byen, blir han den neste borgarmeisteren for godt over 8 millionar innbyggjarar.
– Det er inspirerande at ein ung politikar som har ein tydeleg bodskap om sosiale skilnadar, klarer å trasse ein kampanje som har vore støtta av milliardærar, som har vore støtta av Trump, og klarer å vinne valet i New York, seier Hovda.
Valkamp blant grasrota
SU-leiaren avslørte i eit intervju med Framtida.no før valet at Mamdani er eit stort politisk førebilete for han. Han meiner Mamdani har vore tydeleg og sjølvsikker på ideala sine.
– Og det å ha eit så tydeleg fokus på kvardagsøkonomi og levekostnadar, som veldig mange kjenner att frå sin eigen kvardag, det er viktig for meg, og er ein inspirasjon, seier han.

SU-leiaren har Zohran Mamdani som eit politisk førebilete. Foto: Åshild Slåen
Ifølgje Sigrid Rege Gårdsvoll, journalist i Vårt Land og kommentator for Amerikansk Politikk, har Mamdani lukkast spesielt med å nå ut med bodskap gjennom sosiale medium.
– Han er utruleg god på å drive valkamp i den verkelegheita vi lever i. Han når verkeleg ut til folk, seier Gårsdvoll til NRK.
Ho samanliknar han med Alexandria Ocasio-Cortez, som ein ung politikar med minoritetsbakgrunn som appellerer til folk i New York-området.
Hovda er einig i at det å nå unge på TikTok og det viktige grasrotarbeidet, der tusenvis av frivillige har banka på dører og prata med folk, har vore avgjerande.
– Eg trur kombinasjonen av dei to tinga er ei superkraft for Mamdani.
Demokratisk sosialist
«Democratic socialist», eller demokratisk sosialist er den politiske definisjonen både Bernie Sanders og Zohran Mamdani brukar om seg sjølv.
Dei som er ute etter ein ny Bernie Sanders må likevel bli skuffa, for ifølgje den amerikanske grunnlova må du ha hatt statsborgarskap sidan fødselen dersom du vil bli president. Mamdani sine foreldre er frå India, og han kom til USA då han var sju år gammal.
– Eg har jo lyst til å seie at han plasserer seg på ein SV-stad, men det kan like godt vere på ei venstrefløy i Arbeidarpartiet eller i Raudt, seier Hovda om Mamdani si politiske plassering.
Han understrekar at Mamdani ikkje er særleg radikal i norsk kontekst.
– Eit av hovudkrava har vore gratis buss, og det har vi jo hatt i Stavanger.
Situasjonen er meir polarisert i USA. Både Trump og Elon Musk råda folk i New York til å røyste på Andrew Cuomo, den tidlegare demokratiske guvernøren for delstaten, i staden for den republikanske kandidaten Curtis Sliwa. Ifølgje fleire meiningsmålingar har Sliwa hatt liten sjanse til å vinne valet, og Cuomo er den som har vore nærast Mamdani i oppslutning.
Cuomo tapte mot Zohran Mamdani tidlegare i år, i kandidatvalet til det demokratiske partiet, og var difor ein uavhengig kandidat i dette valet. Han har litt over 40 prosent av dei talte røystene. Den tidlegare guvernøren har lang politisk erfaring, og fekk mykje ros i starten av koronapandemien, men har seinare blitt etterforska for om gamleheimar var godt nok verna, og justisdepartementet har også stadfesta at han er skuldig i fleire tilfelle med seksuell trakassering.
Israel og innbyggjarar i New York
Tidlegare i år lufta Trump-administrasjonen ideen om å fjerne Mamdani sitt amerikanske statsborgarskap, og påstod at han støtta «terrorisme» i det skjulte.
I valkampen har kandidatane sine synspunkt rundt Israel-Palestina blitt trekt opp i debattar, og Mamdani har blitt kritisert av Israel fordi han har sagt USA er medskuldig i eit folkemord mot palestinarar.
Hovda meiner Israel-Palestina-konflikten har vore viktig i kampen om å bli borgarmeister, og at Mamdani har navigert situasjonen på ein smart måte.
– Vi har sett at den folkelege støtta for den palestinske saka har vekst mykje, og det trur eg han har klart å tene på, samstundes som han har klart å ta vare på det ganske store jødiske miljøet i New York.
Delstaten har den største jødiske befolkninga utanom Israel, og blir rekna som ei viktig veljargruppe. Mamdani sin kritikk av Israel har blitt brukt i valkampanjen mot han for å stemple han som ein antisemitt.
Tre andre val
I tillegg til å vinne borgarmeistervalet, har demokratane i USA også fått tre andre viktige sigrar:
Det er to nye demokratiske guvernørar med Mikie Sherrill i delstaten New Jersey, og Abigail Spanberger i delstaten Virginia. Begge er i den meir moderate fløya av partiet enn Mamdani.
I California blir det også fleirtal for det såkalla «Proposition 50», ei lov som vil opne for å teikne valdistrikt i delstaten på nytt.
Forslaget er ein respons til at republikanarar i andre delstatar teiknar valdistrikt på nytt, på ein måte som gjer at demokratar får mindre representasjon nasjonalt enn før. Demokratane sin strategi er å gjere det same i delstatar dei kontrollerer, for å sørgje for at dei framleis får inn like mange representantar på nasjonalt nivå.
Alle desse sigrane er viktige for demokratane etter Trump vart president.
Håp over frykt
Hovda håpar sigeren til Mamdani kan løfte opp prosjektet til venstresida på eit større nivå.
Han trekk fram tyske Die Linke og Ny folkefront i Frankrike som gode eksempel på parti som vinn med noko av den same strategien her i Europa.
– Det er eit eksempel på at ein klarer å byggje politisk momentum rundt ein positiv bodskap, rundt håp, og ikkje berre rundt dommedagsprofetiar. Det håpar eg at ein kan ta med seg vidare.







