Vekas viktigaste: KrFU-kritikk, politivald og orkanen Melissa
Kollasj av Framtida.no. | Foto: AP Photo/Muhnnad Adam, Qatar Ministry of Foreign Affairs via AP, AP Photo/Matias Delacroix.
Få med deg nokre av dei viktigaste sakene som har skjedd denne veka.
Einar Nygaard
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KrFU-leiar får kritikk etter abortutspel
Ingrid Olina Hovland (20) blei valt inn som ny leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) i helga. Sidan då har ho fått mykje kritikk, fordi ho i ein podkast sa at kvinner bør bere fram barn sjølv om graviditeten er resultat av valdtekt.
Influensar og aktivist Anine Olsen har laga ein underskriftskampanje for å få Hovland til å gå av som leiar. I dag har kampanjen meir enn 40 000 underskrifter. Olsen seier til TV 2 at det viser at folk ikkje aksepterer den typen retorikk lenger.
Nestleiar i KrF sa i Politisk kvarter på NRK at Hovland si utsegn ikkje er KrF eller KrFU sin politikk. Hovland har òg uttalt at det er hennar personlege meining, og ikkje partiets politikk.
Til NRK seier Hovland at det har vore krevjande å stå i, men at ho har fått god støtte internt frå KrFU, og at ho framleis er motivert for jobben og oppgåvene ho står overfor.
Ingrid Olina Hovland er leiar i KrFU. | Foto: Anine Lie/KrFU
Orkanen Melissa gjer store skadar
Årets sterkaste orkan på verdsbasis har herja i det karibiske hav. Tysdag kveld trefte han Jamaica med ein vindstyrke på opp mot 295 kilometer i timen, og blei klassifisert som ein kategori 5-orkan. Kategori 5 er den høgaste orkankategorien.
Det er den sterkast registrerte orkanen som har treft Jamaica direkte, og han gjorde store øydeleggingar på skular, sjukehus og heimar. Han flytta seg så til Cuba, og vidare nord gjennom Bahamas.
Det er venta at orkanen neste veke kan påverke vêret her i Noreg, men då berre i form av vanleg lågtrykk.
Det er førebels registrert 25 dødsfall på Haiti, åtte i Jamaica, og eitt i den Dominikanske Republikk.
Øydeleggingar etter orkanen Melissa | Foto: AP Photo/Matias Delacroix
Fredsforhandlingar mellom Pakistan og Afghanistan kollapsar
19. oktober inngjekk Pakistan og Afghanistan ei våpenkvile, etter ei veke med dødelege samanstøyt langs grensa mellom landa. Sidan våpenkvila vart inngått har landa prøvd å skape varig fred, og hatt lange forhandlingar i Istanbul i Tyrkia.
No har forhandlingane kollapsa, skriv Al Jazeera. Pakistan seier væpna grupper som opererer i Afghanistan har ansvaret for angrepa på grensa.
Dei talibanske myndigheitene i Afghanistan seier på si side at dei ikkje har væpna grupper, og at Pakistan truar Afghanistans suverenitet med luftangrep.
Det er ikkje klart når fredsforhandlingane kan fortsette.
Khawaja Asif og Mullah Muhammad Yaqoob tek kvarandre i hendene. | Foto: Qatar Ministry of Foreign Affairs via AP
Mogleg folkemord i Sudan
Den paramilitære gruppa Rapid Support Forces tok seg inn i byen El Fasher i Darfur-regionen i Sudan på tysdag, etter å ha vore omleira i fleire månader. Mange sivile er drepne i byen, skriv NRK onsdag kveld.
Sidan 2023 har den sudanske hæren (SAF) og Rapid Support Forces (RSF) kjempa mot kvarandre for å få kontroll over Sudan.
Mathilde Vu i Flyktninghjelpen seier til NRK at folk i Sudan veit dei blir gløymt, og at ein treng at politikarane legg press på dei stridande partane for å beskytte sivile og la nødhjelp kome inn.
Sudanarar som har flykta frå El-Fasher ber ved. | Foto: AP Photo/Muhnnad Adam
Over hundre drepne i politiaksjon i Brasil
132 menneske skal vere drepne etter ein stor politiaksjon i byen Rio de Janeiro i Brasil, skriv NRK. Fire av dei var politimenn.
Målet for aksjonen var medlemmar av Comando Vermelho, som er ein kriminell gjeng. Den er rekna som den største i Rio.
Guvernøren i Rio, Claudio Castro, seier dei einaste eigentlege offera er politimennene som døydde.
Innbyggarar beskriv hendinga som eit blodbad og ein massakre. Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva seier han er forferda over hendinga, og at han ikkje blei informert på førehand.
Demonstrantar seier si meining om politivalden i Brasil. | AP Photo/Silvia Izquierdo
Studien hadde 50 deltakarar. Dei vart inndelt i to grupper. Ei gruppe såg på kunst i eit galleri, og den andre gruppa såg den same kunsten i eit miljø som ikkje likna eit galleri.
Mengda kortisol (stresshormon) til dei som såg på kunst i galleri gjekk ned, og det hadde og ein roande effekt på kroppens inflammatoriske prosessar.
Forfattarane seier det kan bety at kulturelle opplevingar kan beskytte både kropp og sinn. Studien er ikkje fagfellevurdert endå.
Illustrasjonsfoto. | Foto: AP Photo/Kirsty Wigglesworth
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.