Ingen kjøper like mykje elbil som nordmenn
Hittil i år har kvar femte kunde valt elektrisk ved kjøp av ny bil. – Ingen andre land kan vise til tilsvarande salstal som Noreg, seier Norsk Elbilforening
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvar femte nybil elektrisk
Delen på same tid i fjor var på 12,5 prosent, skriv Nationen, med tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).
LES OGSÅ: Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar
– Ingen andre land kan vise til tilsvarande salstal som Noreg. Elbilsalet har dobla seg årleg dei siste tre åra. Det er unikt, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk Elbilforening.
Ho åtvarar mot å ta utviklinga for gitt. 1,5 prosent av heile bilparken på 2,5 millionar personbilar er elektrisk.
LES OGSÅ: Elbilparken dobla igjen
– Dersom regjeringa fjernar elbilfordelane for tidleg, vil marknaden kollapse. Vesle Noreg er førebels den største marknaden for elbilar i Europa. Stoppar det opp her, vil bilprodusentane bremse opp teknologiutviklinga av nye elbilar som kan konkurrere med bensin- og dieselbilar, seier Bu.
Ifølgje OFV-tala vart det i 2012 selt 3.950 elbilar. I fjor var salstalet 18.090 elbilar. Hittil i år er det selt 3.227 bilar. Totalt finst det 43.253 elbilar på norske vegar. (©NPK)
LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste elbil