Bildøen kjem ut på engelsk

Dei engelske rettane til Brit Bildøens kritikarroste roman «Sju dagar i august» er selde til Seagull Books.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brit Bildøen, som nyleg vann P2 lytternes romanpris, fekk svært god mottaking for boka då ho kom ut i august i fjor. 

«Sju dagar i august» er den første norske romanen som behandlar 22. juli-tematikken. Handlinga er lagt til ei veke i august åtte år etter terrorangrepa, der Sofie mista dotter si. Saman med ektemannen Otto kjempar mora for å overleva kvardagen.

Bildøen vert rosa for si truverdige og sterke tilnærming til langvarig sorgarbeid; korleis sorgen spelar inn i samlivet og omgjevnadane til ekteparet i boka.