María Corina Machado får Nobels fredspris for kampen mot diktatur
María Corina Machado vann prisen på grunn av hennar arbeid for å forsvare demokratiet.
Saka vart oppdatert 15:48 med kommentar frå Latin-Amerika Gruppene.
Klokka 11:00 fredag 10. oktober kom nyhende om kven som har blitt tildelt Nobels fredspris.
Det var opposisjonspolitikar María Corina Machado frå Venezuela som fekk den gjæve prisen.
Komiteen som vel kven som skal vinne, fortel at Machado vann prisen på grunn av hennar arbeid for å forsvare demokratiet i Venezuela.
I det siste året har Machado fått drapstrugslar og har måtte leve i skjul.
Utrøytteleg arbeid
I grunngjevinga si, skriv den norske Nobelkomité:
«Ho får prisen for sitt utrøyttelege arbeid for å sikre demokratiske rettar for folket i Venezuela, og for sin kamp for ein rettferdig og fredeleg overgang frå diktatur til folkestyre.»
Den norske Nobelkomité er sett saman av styreleiar Jørgen Watne Frydnes og fem andre personar. Det er dei som bestemmer kven som får prisen.
Prisen vil bli delt ut i Noreg på Alfred Nobel sin dødsdag, 10. desember.
Kritisk til prismottakaren
– Venezuela har over tid stått i ei alvorleg politisk og humanitær krise, og det er viktig å jobbe for ei fredeleg og demokratisk løysing.
Det skriv Juan Grajales, leiar i Latin-Amerika Gruppene (LAG), via kommunikasjonsansvarleg på SMS til Framtida.no. Han er kritisk til at Machado får prisen.
– Det er urovekkande at fredsprisen blir gitt til ein person som har bede om militær intervensjon i Venezuela, arbeidd mot fredsforhandlingane i landet og har politiske alliansar med autoritære leiarar på ytre høgre i Europa, Israel, USA og Latin-Amerika.
I eit nyleg intervju hylla Machado Donald Trump sin strategi i Iran, og ho var positiv til at USA kunne gå inn i Venezuela og avsette den noverande leiaren Nicolás Maduro.
– Eg er for at USA bryt ned denne kriminelle strukturen, sa ho til Sunday Times.
Også etter ho fekk nyheita om prisen, gav Machado eit kompliment til Donald Trump.
– Vi er på terskelen av siger, og i dag meir enn nokon gong set vi vår lit til president Trump, det amerikanske folket, folk i Latin-Amerika og dei demokratiske nasjonane i verda som våre viktigaste allierte for å oppnå fridom og demokrati, seier Machado ifølgje NRK.
Nobels fredspris 2024
I fjor vann organisasjonen Nihon Hidankyō prisen for deira mål om nedrusting av atombomber og bodskap om å aldri gløyme atombombene som var sleppt over Hiroshima og Nagasaki i Japan.
Saka er laga i samarbeid med Framtida Junior.







