Regjeringa vil ha fleire lærlingar
Regjeringa greier ikkje å innfri ambisjonen om 20 prosent fleire lærlingar i 2015. No blir krava til bedriftene skjerpa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noreg treng fleire fagarbeidarar, slår kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fast.
Kvart år står mellom 6.000 og 8.000 ungdommar utan lærlingkontrakt etter vidaregåande skule. Dette er ei medverkande årsak til det høge fråfallet i vidaregåande, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
Partane i arbeidslivet underskreiv ein såkalla samfunnskontrakt i 2012, der målet var å auke talet på nye lærekontraktar med 20 prosent innan 2015.
Dette målet er ikkje nådd, og no skjerpar regjeringa krava til private bedrifter som leverer varer og tenester til det offentlege.
– Det inneber krav om at anbodsvinnar må vere godkjent lærebedrift og ha lærlingar i prosjektet, seier kunnskapsministeren. (©NPK)