Veit du kva sopp som er livsfarleg?

Sesongen for å plukke sopp er godt i gang, men ver obs på den giftige soppen som veks saman med dei.

Vilde Standal Bøyum
Publisert

Denne saka vart først publisert i systeravisa vår Framtida Junior.

Spiss giftslørsopp er namnet på den brune veksten som ofte dukkar opp i same område som traktkantarell.

Folkehelseinstituttet (FHI) var ute med ei åtvaring før sesongen for sopplukking starta. På heimesidene sine fortel dei at det var eit rekordhøgt tal menneske som tok kontakt med Giftinformasjonen om alvorleg forgifting eller uheldig inntak av spiss giftslørsopp.

Å ete spiss giftslørsopp kan i verste fall føre til kronisk nyresvikt. Dette er ein diagnose som vil krevje behandling resten av livet eller ein nyretransplantasjon.

Spiss giftslørsopp er veldig giftig, og sjølv ein liten bit kan føre til langvarig skade og, i verste fall, død. | Foto: Tove Jacobsen / Wikimedia Commons

Veks saman

Kantarell og traktkantarell er soppar som kan vekse saman med spiss giftslørsopp. Dei liknar ikkje heilt på kvarandre, men dersom du ikkje er ein erfaren sopplukkar, så kan du ta feil.

Kantarellfoto: Andreas Kunze. Traktkantarellfoto: Jerzy Opioła. Henta frå Wikimedia Commons. Kollasj av Framtida Junior

Kantarellar og traktkantarellar har ribber under hetta si. Desse formene er meir ujamne og «gaffelforma» enn spiss giftslørsopp sine. Spiss giftslørsopp har nemleg skiver.

Faktisk er det slik at dei soppane i Noreg som er så giftige at dei er skadelege i ei lita mengde, er skivesoppar alle saman.

Her er soppane som skal unngåast. Alle er av typen skivesoppar. Foto: Kvit flugesopp og spiss giftslørsopp: Inger Kristoffersen. Grøn flugesopp og butt giftslørsopp: Holger Krisp. Lepita-slekta: Jerzy Opioła. Flatklokkehatt: Will Kuhn. Henta frå Wikimedia Commons. Kollasj av Framtida Junior

Leit etter trygge soppar

Dersom du synest det er skummelt å plukke sopp, kan det vere lurt å leite etter dei trygge soppane som ikkje er skivesoppar.

Dersom de er i tvil, ikkje legg soppen i same kurv som dei soppane du skal ete.

Ikkje et sopp ute i naturen. Soppar må varmebehandlast før ein et dei.

Fåresopp, brunskrubb og bleik piggsopp er alle tre soppar du kan ete. Kvar av dei tilhøyrer si eiga gruppe. Bilete: Fåresopp og brunskrubb av Holger Krisp. Bleik piggsopp av Kristian Bosak. Henta frå Wikimedia Commons. Kollasj av Framtida Junior

Å ta på giftig sopp er ikkje farleg. For å bli forgifta, må soppen bli eten og ende opp i fordøyingssystemet ditt.

Nokre stadar i Noreg har eigne soppkontrollørar, men der du ikkje finn dette, kan du sjekke soppen på soppkontroll.no, eller gjennom appen deira.

Dersom du trur du har ete giftig sopp, ring til Giftinformasjonen på 22 59 13 00.

Ved alvorlege symptom, ring 113.