Ingrid Olina Hovland innstilt som ny KrFU-leiar
20 år gamle Ingrid Olina Hovland frå Stavanger er innstilt som ny leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).

Hovland er innstilt til å overta etter Hadle Rasmus Bjuland.
– Ingrid Olina Hovland har både erfaringa og engasjementet som skal til for å løfta og utvikla KrFU vidare over heile landet, seier leiar i valkomiteen Jona Lie på nettsidene til ungdomspartiet.
Hovland er avtroppande generalsekretær i KrFU.
– Eg er utruleg takksam for tilliten valkomiteen har gitt meg, og er motivert for jobben som KrFU-leiar viss landsmøtet ønskjer det, uttalar Hovland sjølv.
Erik Rønhovde held fram som 1. nestleiar, medan Torkel Johannes Bjuland er innstilt som 2. nestleiar. Sistnemnde er veslebroren til den førre leiaren.
Landsmøtet der desse skal veljast, finn stad i Asker 25.–26. oktober.
Retting: I ein tidlegare versjon stod det at Hadle Rasmus Bjuland er vald inn på Stortinget. Det er fjerna, då dette ikkje stemmer.