Roald Dahl gjorde uutsletteleg inntrykk på forfattardebutant Frida Fliflet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Frida Fliflet debuterte i haust som forfattar med novellesamlinga Kan eg sjå på.

Noveller er òg det ho sjølv helst les.

– Nett no les eg ei samling av irske Claire Keegan. Gjerne småcreepy, ubehagelege greier. Eg er veldig glad i forfattarar som Samanta Schweblin, Shirley Jackson og Roald Dahl.

Fliflet er òg glad i gode romanar, men då må ho ha tid til å gå inn i dei.

Fakta

Namn: Frida Fliflet

Alder31

Frå: Bergen

Utdanning: Bachelor i spansk og engelsk

Yrke: Musikkjournalist og redaksjonssekretær i Klassekampen

 

– Å lesa ein roman ti og ti sider om gongen er ingen vits. Sakprosabøker har eg alltid ein ambisiøs idé om at eg skal lese, men eg nedprioriterer dei kvar gong. Unntaket er musikk- eller popkulturbøker eg les på grunn av jobben.

Til vanleg er Fliflet musikkjournalist og redaksjonssekretær i Klassekampen.

– I kvardagen får eg nesten ikkje lese noko, dessverre. Men i år har eg hatt skriveperm, så eg har faktisk lese 27 bøker. Tynne, då.

Vi har kika i bokhylla til forfattardebutanten!

Paddeflat i lyngen

I kvardagen les Fliflet på senga. I feriar les ho overalt, og gjerne ute.

– På fjellet, på svaberget, i parken. Eg elskar å gå fjelltur med bok i sekken, ligge paddeflat i lyngen og lese.

Bøkene vi finn på nattbordet hennar akkurat no, er Claire Keegan si Antarctica og Lina Wolffs bok De polyglotta älskarna.

Dustene tre gonger på rad

I barndommen gjekk det i mykje forskjellig, men det ho hugsar best på ståande fot, er bøkene om tigeren og bjørnen av Janosch.

Frida Fliflet. | Foto: Amanda Iversen Orlich

– Men eg lærte veldig tidleg å lese sjølv, og pløgde meg gjennom det meste: Maria Gripe greip meg enormt, bøkene til Torill Thorstad Hauger, Det vesle huset på prærien, Den vesle vampyren, Anne fra Bjørkely, Harry Potter, Huckleberry Finn, alt av Astrid Lindgren … Roald Dahl gjorde uutsletteleg inntrykk. Første gong eg las Dustene, las eg ho tre gonger på rad. Genial bok.

Då ho kom i tenåra, var det ei anna bok som tok over interessa, Wuthering Heights av Emily Brontë.

– Me las ho i engelsk litteratur-faget på vidaregåande. Eg skjønte typ ingenting og måtte teikne eit gigantisk slektstre for å klare å henge med. Men eg beit meg fast, og boka blei utruleg formande. Eg enda opp med å bu eit år i Yorkshire, til og med.

Daphne du Maurier og Ingvill Kjærstein

Fliflet meiner ei bok kan vere god på tusen forskjellige måtar, men det må stå noko på spel.

– Det må ikkje vere overforklarande, eg vil tenke sjølv. Det må vere eit driv, eit presist språk, og så godt teknisk handverk at eg ikkje ser saumane i teksten: Inga logisk skurring i forteljarperspektiv, i forflytting mellom tid og rom, i dei språklege bilda. Karakterane må vere godt nok teikna opp til at eg bryr meg, sjølvsagt. Og viss eg ikkje får uhygge eller eksepsjonelt godt språk, treng eg humor.

Bokomslag «Austvestpassasjen»

Ingvill Kjærstein har skrive boka «Austvestpassasjen». Omslag: Samlaget

– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg veit ikkje kor undervurdert Daphne du Maurier er, men ho er i alle fall mykje meir enn berre Rebecca og The Birds. Ho gir meg alltid lyst til å skrive.

– Og så synest eg, sjølv om eg er endå så inhabil, at Ingvill Kjærstein – venninne og forfattarkollega – sin debutroman Austvestpassasjen fekk nokre usakleg overflatiske meldingar då ho kom i fjor vår. (Sjølv om tittelen på Dagbladet si melding, «Tørr lesbesex», er idiotisk på ein legendarisk måte). Viss du skal melde ei bok, burde det vere eit minstekrav å lese ho grundig, og sjølv gjere eit tankearbeid.

Om Fliflet berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet, hadde ho valt Gunnhild Øyehaug. Bokkarakteren ho kjenner seg mest att i, er summen av alle karakterane i Vente, blinke av Øyehaug.

– Og vekselvis Lille My og Sniff, kjem an på dagsforma.

«Fytti satan for ein roman»

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive? 

– I orkanens skygge av Fernanda Melchor. Utruleg klein tittel på norsk, men fytti satan for ein roman. Eg blei så oppslukt at eg så vidt tok meg tid til å ete. Les.

Om ho kunne invitere ein valfri forfattar på middag, daud eller levande, skulle ho gjerne tatt ein prat med William Faulkner, Tove Jansson, Emily Brontë og Julio Cortázar.

– Kanskje alle samtidig. Totalt kaos.

Harboe og Akerlie

Frida Fliflet har er aktuell med novellesamlinga «Kan eg sjå på». Omslag Samlaget

Dersom novellesamlinga hennar Kan eg sjå på skulle blitt filmatisert, ser Fliflet for seg ei rekkje stjerner som karakterar i novellene.

– Eg trur ei ung Eili Harboe kunne gjort ein glitrande figur som sur sekstenåring i opningsnovella. Same med Iben Akerlie som hard, men usikker dansar i tittelnovella – og svenske Amanda Jansson får vere kaninmaskot i Over kanten.